Ungdata-undersøking i Ørstaskulen 2022

I Ørstaskulen får elevane på 5. - 7. trinn og ungdomskule delta i spørjeundersøkinga Ungdata. Det er første gong 5. – 7. trinn deltek. Undersøkinga skjer elektronisk i ein skuletime. Ørsta vidaregåande skule gjennomfører også Ungdata i løpet av veke 5 – 7.

Kva er Ungdata?
Ungdata er ei spørjeundersøking for born og unge med spørsmål om korleis skuleelvar har det og kva dei driv med på fritida. Undersøkinga er tilpassa born på 5. – 7. trinn, ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Kva er målet med undersøkinga?
Føremålet er å gje born og unge høve til å fortelje lokale politikarar, forskarar og andre i kommunen korleis det er å vekse opp i Ørsta kommune.

Målet er å få kunnskap om korleis born og unge som bur i Ørsta kommune har det. Kommunen vil nytte kunnskapen i plan- og utviklingsarbeid for å betre oppvekstmiljøet.

Anonym undersøking
Spørjeundersøkinga er anonym. Det vil seie at det er ikkje mogleg å identifisere enkeltpersonar til svara.

Informasjonsskriv om undersøkinga skal føresette ha mottatt frå skulane 14 dagar før gjennomføring.

Følg oss