AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

UKM fylkesfestival i Ørsta laurdag 20. november

 

Laurdag 20. november 2021 blir eit høgdepunkt for alle som likar musikk, dans og andre sceneinnslag. Då går nemleg UKM fylkesfestival av stabelen. Her blir det underhaldning av høg kvalitet levert av ungdom frå Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven og Hareid.

Fylkesfestivalane er fordelt på tre arrangement, og i år har dei to første blitt arrangert i Hustadvika og i Åndalsnes. Ørsta er altså den siste fylkesvestivalen i rekkja. Det har ikkje vore arrangert fylkesfestival eller fylkesfinale i Ørsta på mange år, så no kan ein nytte sjansen.

Velkommen til årets tredje og siste UKM-fylkesfestival!

Showet startar klokka 16:30 i Ørsta kulturhus. Der samlast unge deltakarar frå Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven og Hareid. Gjennom dagen har dei også fått hjelp av dyktige mentorer til å førebu seg.

Velkommen til Ørsta kulturhus (sjå kart)
Laurdag 20. november klokka 16:30!

Billettar her: https://www.orsta.kulturhus.no/ukm-fylkesfinale-m8wfk5/

– Dette blir ein dag full av mykje moro og god læring for deltakarane, seier dagleg leiar nye Ørstahallen og Ørsta frivilligsentral Rebecca Riise Bjerknes. Her fortel ho litt om arrangementet :

Korleis har dokker førebudd dokker til fylkesfestivalen?
– Då sjansen baud seg til å kunne få vere arrangør for UKM fylkesfestival heiv vi oss på. Det er 23 år sidan førre gong Ørsta arrangerte, så dette er kjekt! Det er UKM på fylket som er arrangør, men vi har gjort det vi kan for å tilrettelegge for eit så godt arrangement som mogleg for både dei og deltakarane våre som vi trur kjem til å få ei fin oppleving i Ørsta. Vi nyttar både Kulturhuset og Ørstahallen til arrangementet og meiner at vi då får vist fram to hus vi er stolte av i Ørsta.

Kor lenge vil arrangementet vare sånn omtrent?
– Deltakarane skal vere med heile dagen. Det er oppmøte klokka 10. Då får dei møte mentorane sine som dei skal øve i lag med fram til klokka 13:00. Klokka 13:00 byrjar lydprøven som også blir generalprøve, før dei skal i elden på det verkelege showet klokka 16:30.

Vil arrangementet vere muleg å sjå på nett?  
– Det vert ikkje direkte strøyming, men det skal gjerast opptak som UKM Møre og Romsdal kjem til å dele seinare.

Kvar kjem deltakarane frå?
– Dette er fylkesfestival for Søre Sunnmøre, og på grunn av coronaen har ikkje alle kommunar klart å gjennomføre i år. Dermed har dei heller ikkje kunne nominert.

Er det fylkesfestival fleire stadar i fylket?
– Dette er den 3. fylkesfestivalen av 3. Dei to føregåande helgane har det vore gjennomført fylkesfestivalar for Nordmøre og Romsdalen. Det er gjort slik som eit coronatiltak i år.

UKM for Ørsta og Volda

For dei som vil "varme opp", sjå video av UKM for Ørsta og Volda her.
OBS! Opptaket frå 20. november er ikkje klart endå, men blir tilgjengeleg på kommunen si heimeside så snart det er klart. 

 

Program/deltakarar laurdag 20. november 2021

 

Namn

låt/innslag

Kommune

1

Sverre Kleppe

Born this way

Herøy

2

Hermine og Ella

Moderne dans

Herøy

3

To Knauda

Dark side of the Moon

Ørsta

4

All I want

AlI want

Ørsta

5

Sirius

Dans

Volda

6

Fintfolk

Folkemusikk

Herøy og Sande

7

Kleppes jazz/blues

Jazz/blues

Sande

8

Annabelle Blomvik

Hopelessly devoted

Volda

9

Ester Peterson, Vibusan Premakumar

Shostakovich, vals nr. 2

Hareid

10

The BFF

The BFF

Herøy

11

Sætre, Kleppe og Rekdal

Krunekvervelen

Sande

12

Lauritz Helde Remøy

Fix you

Herøy

13

Vilde

Ej synge en sang

Herøy

14

Mina Kvalsund Brendmo

Bestevenn

Herøy

15

Malene

Take me to Church

Herøy

16

Sofie Holen

Break my Heart

Ørsta

17

Frida Aurora Norø Halck

Mother may I sleep with Danger

Volda

18

Empatiske ekko

 

Vanylven

 

Følg oss