Tilskot til integreringsarbeid for frivillige organisasjonar

Illustrasjonsbilde. Pexels.com / Anna Shvets

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) har lyst ut ekstraordinære midlar som frivillige lag og organisasjonar kan søke om. 

Søknadsfristen er 20. mai.

Frivillige organisasjonar som ønsker å bidra til inkludering og integrering av flyktningar fra Ukraina, kan no søke Integrerings- og mangfoldsdirektoratets (IMDis) tilskotsordning om midlar.

IMDi har lyst ut til saman 45 millionar kroner i tilskotsmidar til inkluderande aktivitetar og språktrening. 

Midlane skal brukast til nasjonale og lokale tiltak og aktivitetar som fremmar integrering. Målgruppa er flyktningar frå Ukraina med midlertidig kollektiv beskyttelse, både bebuarar i asylmottak og nyleg busette innbyggjarar i kommunar.

Søk om tilskot (IMDI)

 

Følg oss