- SFO-opningstid kl. 07.15–16.15. Grunna ulik organisering av skulekvardagen ved dei einskilde skulane, kan opningstidene variere noko frå skule til skule.
- Informasjon om prisar på SFO
- Sjå vedtektene for detaljert informasjon
Plasstilbod
Informasjon om ulike typar plassar finn du her.
Slik søkjer du SFO
Elevar som skal starte på 1. trinn
Alle som skal starte på 1. trinn hausten 2025 har fått eit brev om kva skule dei skal starte på. Dei søkjer SFO plass her: Foreldreportalen
Elevar 2.–4. trinn
Dei som har plass skal ikkje søkje. Alle born som har SFO plass har denne til dei går ut av 4. trinn. Ønsker du å endre eller sei opp plass, gjer du det her: Foreldreportalen
Dei som ikkje har plass, men ynskjer det kan søke her: Vigilo
Elevar 5.–7.trinn
Born med behov for individuell tilrettelegging kan sende søknad til rektor ved skulen barnet er elev.
Ferie-SFO
Alle barn i 1.–3. kl
Alle barn i 1.-3. kl har rett på ferie-SFO i tilsaman 6 dagar for skuleåret 2025–2026. Det er desse dagane:
- Sommarferien 2025: 11. og 12. august
- Haustferien 2025: 6. og 7. oktober
- Vinterferien 2026: 16. og 17 februar
Heilt tilbod 11 mnd
Barn med "Heilt tilbod 11 mnd" får tilbod om ferie-SFO. For skuleåret 2025–2026 er det ferie-SFO:
- Sommarferien 2025: frå 1. august til og med 12. august
- Haustferien 2025: veke 41
- Vinterferien 2026: veke 8
- Sommarferien 2026: 22. og 23. juni
Delt tilbod 11 mnd
Barn med "Delt tilbod 11 mnd” får tilbod om ferie-SFO 12 dagar – av dei 20 ferie-SFO dagane under. For skuleåret 2025–2026 er det ferie-SFO:
- Sommarferien 2025: frå 1. august til og med 12. august
- Haustferien 2025: veke 41
- Vinterferien 2026: veke 8
- Sommarferien 2026: 22. og 23. juni
Fotballfritidsordning (FFO)
Elevar på 2–3. trinn ved Velle- og Vikemarka skule kan nytte 12 timar gratis SFO ved FFO (Ø.I.L.) skuleåret 2025–2026.
Dette tilbodet kan ikkje kombinerast med gratis-tilbodet i kommunal SFO. Dette vil sei at ein elev kan berre ha gratis-plass i eit av dei to tilboda. Elevar kan søkje om morgon-SFO i kommunalt tilbod, men då til fullpris(sjå pris for 4.klassingar), sidan dei 12 timane gratis er nytta i FFO tilbodet.
Plass på FFO søkjer du til Ørsta IL her: Søknadsskjema FFO
Redusert foreldrebetaling
Ingen skal betale meir enn 6% av husstanden sin inntekt, sjå SFO prisliste
Søk her: Foreldreportalen
Meir informasjon om SFO
Har du spørsmål ta kontakt med skulen eller Ørsta kommune v/Bjørg Engeset Gjersdal, tlf. 948 40 986 eller e-post.