Tenk gjennom kva rolle alkoholen har på julebordet

Av og til julebord 2 - Klikk for stort bilete  Alkohol kan ha ei viktig sosial rolle i arbeidslivet, særleg i julebordsesongen, som no står for døra. - Som Av-og-til-kommune ønskjer vi å tipse innbyggjarane våre om korleis dei kan arrangere ein trygg og inkluderande fest for dei tilsette, utan at alkoholen skaper problem, seier Ingvild Endal, Av-og-til-koordinator i Ørsta kommune.

Mange arbeidsgivarar fortel at det ofte er vanskeleg å finne gode alternativ til festar med alkohol. Dei er redde for å redusere alkoholtilbodet, og fryktar at dei tilsette vil reagere negativt, eller at folk ikkje vil møte opp. 

Av-og-til har derfor utvikla ein nettressurs som kan hjelpe folk å kome saman for å bli betre kjende med kvarandre, ha det kjekt i lag og feire gode resultat saman, - utan at alkohol er den viktigaste ingrediensen. 


Stort alkoholkonsum skaper problem

Stort alkoholkonsum er ein risiko for arbeidsplassen. Det er det fleire grunnar til. Vi veit at alkohol verkar ekskluderande. Mange arbeidsplassar opplever at dei same folka lèt vere å kome på sosiale arrangement fordi dei ikkje likar det høge alkoholkonsumet. Det er òg ein risiko for at det oppstår uheldige situasjonar, som seksuell trakassering, i alkoholrus. Det gav #MeToo-kampanjen fleire døme på. Alkohol inneber òg ein helserisiko for dei tilsette og påverkar både korttids- og langtidsfråværet i arbeidslivet. 
 

 

www.merfest.no

www.merfest.no er ein nettportal som skal hjelpe bedriftsleiarar, HR-ansvarlege, festkomitear og andre som jobbar for godt arbeidsmiljø og sosiale arrangement i store og små bedrifter. 
Her er mange gode tips til korleis de kan redusere negative konsekvensar av alkoholbruk, kva de kan gjere av allsidige aktivitetar med dei tilsette, og kva de kan gi i gåve anna enn den tradisjonelle vinflaska. Her kan du òg få tilgang til ein PowerPoint-presentasjon som kan vere til hjelp når du skal snakke om alkohol i bedrifta.

Sidan Ørsta er ein Av-og-til-kommune, oppmodar vi alle arbeidsgjevarar i kommunen vår til å ta ein kritisk gjennomgang av korleis de bruker alkohol i bedrifta dykkar, og lage eit inkluderande, sosialt og morosamt julebord som alle dei tilsette vil setje pris på, seier koordinatoren.

Fann du det du lette etter?