Støtte til nærmiljøtiltak

rampe vatnevatne.jpg - Klikk for stort bilete Kommunestyret har i 2018 og i økonomiplanen sett av midlar til nærmiljøanlegg. Desse er dels tenkt brukt til kommunale anlegg/tiltak, og dels til støtte etter søknader frå lag/organisasjonar/tiltak i lokalsamfunna i Ørsta kommune.

Fordeling vil variere avhengig av tal og storleik på søknader, samt behov for midlar til kommunale anlegg. Grendelag, velforeiningar, burettslag, frivillige lag og organisasjonar, grupper og stiftingar kan altså no søke om midlar til nærmiljøanlegg. Kommunen har laga retningslinjer for bruken av midlane som du finn her.


Formål

Ordninga gjeld støtte til fysiske tiltak og utbetringar og skal/bidra til 
-    stimulere og støtte lokale initiativ til fleire og betre lokale trivseltiltak
-    auka trivsel, attraktivitet og aktivitetar i lokalsamfunna/ grendelag/ velforeiningsområde. 
-    å realisere mindre tiltak som kan bidra til fysisk aktivitet og betra folkehelse
-    positiv lokalmiljøtenking/ nærmiljøopplevingar/nye møteplassar
-    fremje lokale møteplassar og det sosiale livet i nærmiljøa 


Kven kan søke:

Grendelag, velforeiningar, burettslag, frivillige lag og organisasjonar, grupper og stiftingar kan søke. Kommunen bruker også av same løyving. Kommersielle firma/entrepenør/utbyggar vil normalt ikkje få støtte frå ordninga. Normalt vil støttebeløp vere inntil 100.000 kr.

Støtteordninga gjeld støtte til fysiske tiltak, utstyr og utbetring av eksisterande nærmiljøanlegg. Dette kan vere leikeapparat, aktivitetsapparat, kortare turstiar/-vegar og liknande nærmiljøtiltak. Tiltak for betra folkehelse, born, unge og eldre er prioritert. Fleire konkrete døme på kva som kan få støtte finn du nemnt i retningslinjene. Søknad sendast på epost med relevante vedlegg til: postmottak@orsta.kommune.no - merk søknaden med saksnr 2018/2017.

Fann du det du lette etter?