Stikk UT! sommarsesongen 2022

Fonnvernet den meste besøkte StikkUT turen i løpet av ​​​​​​sommarsesongen 2022 i Ørsta kommune. Bilde av grusvegen opp på fonnvernet mot skogen og fjella i nydeleg sommarver - Klikk for stort bileteFonnvernet den meste besøkte StikkUT turen i løpet av ​​​​​​sommarsesongen 2022 i Ørsta kommune.

Sommarsesongen med Stikk UT! var også i år frå 1. mai – 31. oktober. Sommarværet var dårleg. Likevel vart totalt 897 407 registreringar utført av 40 097 aktive deltakarar som kunne velje mellom 497 Stikk UT! turar i Møre og Romsdal.

 22 av desse var i kommunen vår. Tabellen under syner turane vi hadde i Ørsta kommune, kven som har hatt flest besøk og kor mange personar besøka er fordelt på (toppliste turmål på stikkut.no).

 

Sunnmøre friluftsråd har presentert Stikk UT!-statistikken, som også er å finne på www.stikkut.no. Den syner at 4,7% av innbyggjarane i Ørsta kommune har registrert turar. Tabellen under syner tal registrerte Stikk UT! turar utført av tal aktive deltakarar frå Ørsta for åra 2018 – 2022.

År

Registreringar

Aktive deltakarar

2022

12 955

513

2021

14 791

591

2020

 7620

274

2019

 2557

174

2018

 1177

134

Totalt er det 26 289 registreringar i Ørsta av 3221 aktive, så vi får mykje besøk av Stikk UT! deltakarar frå andre kommunar.

Nokre stikkord om Stikk UT!

  • Kommunen er medlem i Sunnmøre friluftsråd
  • Etablerte turmål
  • Tydeleg skilting
  • Plass til parkering
  • Gratis for deltakarane
  • Turar for dei alle fleste
  • Frivillige er hjørnestein
  • Kartbrosjyre i posten til alle husstandar
  • Nettsider og app på mobil – suksess!

 

Ørsta kommune ønskjer å takke den gode gjengen med frivillige som bidreg i tilrettelegginga for Stikk UT!

Følg oss