Stikk UT! Festival 1.-11. september

StikkUT!  
Det nærmar seg Stikk-UT! Festival og markering av friluftslivets veke. Dette er friluftsråda i Møre og Romsdal si markering av friluftslivets veke (nasjonalt). 

1.–11. september inviterer friluftsråda i Møre og Romsdal til markering av friluftslivets veke med feiring av Stikk UT! og den enorme turgleda som regjerer i fylket vårt!

Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller to til eitt eller fleire av dei 500 turmåla i årets sesong. Og ta gjerne med deg nokon på tur, når Stikk UT! no set fokus på verdien av å vere ute i naturen – Saman!

Når: 1.–11. september 2022

Kva: Alle saman på tur! Tema for festivalen er Stikk UT! Saman. Gå så mange turar du kan – gjerne saman med nokon.

Kvar: Finn dine turar blant 500 Stikk UT! turmål i Møre og Romsdal, samt Heim Kommune i Trøndelag (sjå Stikk UT! Appen eller stikkut.no for fullstendig oversikt over alle turane i årets sesong).

Dagleg premiering blant registrerte turar og bilde merka med #stikkutsammen. Premiering også blant dei mest aktive bedriftene og til dei som vervar nye Stikk UT!-deltakarar. Les meir på stikkut.no

 Les meir om StikkUT!-festivalen

Følg oss