Stikk UT 2019

Klikk for stort bilete

Det nærmar seg: 1. mai startar Stikk UT!-sesongen 2019. I år med heile 398 turmål i 30 av kommunane i Møre og Romsdal. Bli med på tur!

Stikk UT

Om lag ti prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal deltok i Stikk UT! i fjor. I år håper vi at endå fleire blir med. Stikk UT! har turar for alle: Lange og korte, flate og bratte, i fjell og fjøre, ved kysten og i innlandet, i skog, ved elvar og vatn. Nokre kan gjennomførast med rullestol, andre krev godt turutstyr og kunnskap om bruk av kart og kompass. Noko av det kjekkaste med Stikk UT! er å oppleve mangfaldet av natur og fine turar som finst i fylket vårt. 

Dei to friluftsråda i Møre og Romsdal står bak Stikk UT!, saman med medlemskommunane og hundrevis av frivillige, som set opp skilta, turkassene, legg ut turbøkene og kodane. Stikk UT! er ein kjempedugnad, finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Friluftsrådenes Landsforbund. 

Gratis tilbod

For deltakarane er det gratis å vere med, og det er enkelt. Registrer deg som brukar på stikkut.no, så er du i gang. Koden du finn på kvart turmål registrerer du også på stikkut.no, eller i appen Morotur på mobiltelefonen. Sesongen varer frå 1. mai til 31. oktober. 

Turane blir lagt ut på stikkut.no og kartbrosjyren kjem i postkassene etter påske.

Stikk UT: Turmål Ørsta
ØRSTA
154. Brekkeheida frå Hellevegen
155. Den Julianske borg
156. Elvaråsa (Barstadvik)
157. Høgeheida
158. Kalvedalen
159. Kamben på Bjørke
160. Levandehornet
161. Melssetra opp Melsfjellvegen
162. Olavshola, Sæbø
163. Rambjøra
164. Rundt Litledalsvatnet i Bjørdalen
165. Rundtur Ytrehovdeåsen frå Badeberget
166. Sledalen-Bakkedalen
167. Urkeegga
168. Øysehjølet


For meir informasjon, ta kontakt med:

-    May Britt Haukås, dagleg leiar i Sunnmøre friluftsråd, may@friluftsraadet.no, mobil 977 09 653.

-    Marte Melbø, Stikk UT!-ansvarleg i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, marte@stikkut.no, telefon 472 52 012 

Fann du det du lette etter?