Søk om tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap, Hjørundfjorden og Norangsdalen 

Klikk for stort bilete Arnold Hoddevik, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Hjørundfjorden og Norangsdalen . Søknadsfristen er 20. mai 2020.

Bakgrunn

Hjørundfjorden og Nordangdalen fekk den 22.juni 2018 status som Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL). Bakgrunnen for status som UKL, er at området er representativt for fjord- og dallandskap på Vestlandet, der mykje av historia er knytt til naturen og naturkreftene. Marginale jordressursar ved fjorden og i dalar, utmarksressursane og fjordfiske har gjeve grunnlag for busetnad. Mange av dei spreidde bruka ligg brattlendt til, nokre veglause og fråflytta. 

Jordbrukslandskapet er skapt av menneske i samspill med naturen. Bygningar, steingjerder, gravhaugar og ferdselsveier er bygget, og slåttenger, lyngheier, beitemarker og lauvingslier er blitt til gjennom bruk av areal gjennom lang tid, mange stadar fleire tusen år. Heilheita av gardstun og inn- og utmark i opne og varierte jordbrukslandskap er resultat av den samla aktiviteten. Disse verdiane er avhengig av fortsatt bruk, skjøtsel og vedlikehald for å oppretthaldast.
 

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

I 2020 har Fylkesmannen i Møre og Romsdal tildelt utvalde kulturlandskapet Hjørundfjorden og Norangsdalen ei ramme på kr 1.000.000. 
 

Kven kan søkje?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, drivarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.
 

Verkeområdet

Ordninga gjeld innanfor det det Utvalde kulturlandskapet Hjørundfjorden og Norangsdalen slik det er avgrensa i Naturbase. Gå inn på https://kart.naturbase.no/, og vel kartlaget som heiter «Kulturlandskap»
 

Kva kan du søkje om tilskot til?

Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere:

  • restaurering og tilbakeføring /skjøtsel av arealer 
  • istandsetting, vedlikehold og skjøtsel av bygninger og andre kulturminner 
  • tilrettelegging for ferdsel og friluftsliv 
  • formidling- og informasjonstiltak 
  • nødvendig planlegging av tiltak / prosjekt
  • kartlegging og dokumentasjon av landskapsverdier 
  • kartlegging og dokumentasjon av behov for skjøtsel og sikring av natur- og kulturminneverdier 
  • andre tiltak som fremmer formålet med ordningen.
  • gjennomføring av arrangement, kurs, fagdag eller liknande

I følgje tildelingsbrev frå 2020 skal leggast særleg vekt på:

  • Gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i områda
  • Evna til å etablere spleiselag med fleire finansieringskjelder
  • Områda si størrelse i areal, omfang av tiltak og tal eigarar/drivarar
  • Variasjonar i behova frå år til år, saman med hensyn til føreseielegheit og kontinuitet
  • Gode planar og realistiske budsjettforslag / kostnadsoverslag
     

Korleis søkjer du?

Alle søknader skal skje elektronisk via www.altinn.no eller via lanbruksdirektoratet sine sider.

Det er viktig at du les godt gjennom dei lokale retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Lokale retningsliner og rettleiinga finn du i høgre margen på denne sida.

Søknadsfristen er 20. mai 2020.
 

Kontakt for meir informasjon eller spørsmål

Jan Endre Nesdal, Ørsta kommune. Tlf. 902 55 815. 
E-post: jan.endre.nesdal@orsta.kommune.no

 

For meir informasjon om UKL-ordninga 

Landbruksdirektoratet si heimeside: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap

Kontakt

Jan Endre Nesdal Rådgjevar
902 55 815
@ Jan Endre Nesdal

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende