Slik stiller du liste til valet

Illustrasjon. Kommunal- og distriktsdepartemetet, Tore Fjeld.


11. september er det kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg. Skal partiet ditt stille liste til valet, er det viktig å starte førebuingane no.

Fristen for å levere listeforslag er 31. mars klokka 12 på føremiddagenVallova seier at lister som vert levert etter dette tidspunktet, ikkje vert godkjende.

Eit listeforslag er ei rangert oversikt over kandidatar som stiller til val for eit parti eller ei gruppe.

Denne rettleinga er ikkje uttømande. Ta kontakt med valansvarleg om du har spørsmål eller noko er uklart. Kontaktinformasjon finn du nedst i tabellen:

Kven kan stille liste?

Alle registrerte parti som fekk minst 500 stemmer i eitt fylke, eller 5 000 stemmer på landsbasis ved førre stortingsval, kan stille liste under forenkla reglar. Dei kan levere lister som er underskrivne av to styremedlemmer i lokalavdelinga. Oppdatert oversikt over parti som kan stille etter forenkla regelverk: Partier som kan stille etter forenklet regelverk i 2023 - Valgmedarbeiderportalen

Andre parti eller grupper må samle underskrifter for å få stille. Listeforslaget må ha så mange underskrifter at det utgjer 2 prosent av innbyggarane med stemmerett ved førre kommunestyreval.

I Ørsta var det 8 421 personar som hadde stemmerett ved førre kommunestyreval, i 2019.

Personar som skriv under på eit listeforslag ved kommunestyreval må ha stemmerett ved det aktuelle valet, i den kommunen listeforslaget gjeld for.

Ein person kan ikkje skrive under på fleire listeforslag ved samme val. 

Kven kan stå på liste?

Alle som har røysterett i kommunevalet, med nokre få unntak, kan stå på liste.

For å ha røysterett i Ørsta kommune må du

  • vere folkeregistrert i kommunen og
  • fylle 18 år i løpet av valåret 2023.

 

Utanlandske statsborgarar

Utanlandske statsborgarar må ha tre års butid i Noreg innan valdagen for å ha røysterett.

Statsborgarar frå dei nordiske landa treng ikkje å ha budd ei viss tid i Noreg. Dei har røysterett, og er dermed valbare, om dei er busett i Ørsta kommune den 30. juni i valåret.

 

Fritak frå val

Kandidatane som vert sett på ei liste vil få brev av valstyret der dei vert informert om kandidaturet, kva det inneber, og med ein frist for å eventuelt trekke kandidaturet.

Kandidatane treng ikkje å grunngi kvifor dei ikkje vil stå på liste.

 

Utelukka frå val

Følgande personar er utelukka frå val: kommunedirektør, kommunalsjefar og leiarar på tilsvarande nivå, sekretærar for kommunestyret, ansvarleg for rekneskapsfunksjonen og revisor for kommunen.

Korleis skal ei liste sjå ut?

Her har vi i korte trekk samla informasjonen du treng til å utforme ei liste. Fullstendig oversikt finn du her: Krav og frister - Valgdirektoratet

 

Overskrift

Lista skal ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe forslaget går ut frå. Namnet må ikkje kunne forvekslast med andre grupper eller parti. Registrerte parti må bruke sitt registrerte namn. Lista kan ikkje ha lokale nemningar som til dømes Ørsta [partinamn]. Det er valfritt om partiet/lista vil nytte namnet sitt på bokmål eller nynorsk.

 

Tal på kandidatar

For at ei liste skal kunne godkjennast må ho ha minimum sju kandidatar. Ei liste med færre enn sju kandidatar vil ikkje kunne godkjennast.

For lister som stiller til val i Ørsta kommune, er makstalet 39 (talet på kommunestyrerepresentantar pluss seks).

 

Røystetillegg

Eit parti/liste som stiller til val i Ørsta kommune, kan gi røystetillegg til inntil seks kandidatar. Desse kandidatane vil få eit stemmetillegg på 25 prosent meir enn dei andre på lista. Desse kandidatane skal stå først på lista og vere markert med store bokstavar/eventuelt feit skrift.

 

Namn på kandidatane

Kandidatane må førast opp med fornamn, etternamn og fødselsår. Dersom det er nødvendig for å skille kandidatane, skal også bustadadresse eller stilling førast opp. Dersom dette er naudsynt for minst éin av kandidatane, skal alle kandidatane få denne tilleggsinformasjonen.

Det folkeregistrerte etternamnet til kandidaten må nyttast, sjølv om kandidaten ikkje er kjend under dette. Det etternamnet kandidaten er mest kjend for bør då førast opp i parentes.

Dersom to eller fleire parti/grupper stiller fellesliste er det mogleg å føre opp kva parti/gruppe kandidaten høyrer til.
 

Anna

Det må ligge ved ei liste med fødselsdato til alle kandidatane.

Dersom ein kandidat ikkje er valbar på grunn av stilling, butid eller bustadadresse, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at kandidaten vil vere valbar på valdagen (slutte i stilling, nådd tre års butid eller flytte til Ørsta kommune).

Om innlevering og fristar

Fristen for å levere listeforslag er 31. mars klokka 12. Denne fristen er absolutt, vert strengt praktisert og kan dermed ikkje overskridast.

Kjem lista inn til kommunen 31. mars klokka 12.01, vil valstyret ikkje ha anna val enn å avvise lista.

Det er forslagsstillarane sitt ansvar å sørge for at lista blir levert innan fristen. Det er ikkje godt nok å postlegge lista før fristen. Lista må ha kome fysisk fram til kommunen innan fristen. 

Det er mogleg å levere listeforslag på e-post eller faks der signaturane går fram innan fristen. Det er då ein føresetnad at den originale lista med underskrifter vert sendt med ein gong.

Ei liste treng ikkje vere fullstendig innan fristen. Det er til dømes mogleg å levere ei liste med færre enn dei sju kandidatane det er krav til. Det er mogleg å rette feil fram til valstyret godkjenner listene i sitt mai-møte. 

Nytt: Digital innlevering av lister

Listeforslag (valg.no)

Via lenka over er det mogleg å levere lister elektronisk.

I 2021 kunne partia for første gang levere inn listeforslag med elektroniske underskrifter. Denne løysinga er utvikla vidare, og det er no mogleg å både samle inn underskrifter og levere listeforslaga gjennom nettsida. Dette gjeld både registrerte parti og uregistrerte grupper.

Endre eller trekke ei liste

Fram til innleveringsfristen 31. mars klokka 12, kan forslagsstillarane endre så mykje som dei vil på lista. Dei kan endre rekkefølga, stryke eller bytte kandidatar. Det er også mogleg å levere eit nytt listeforslag.

Det er alltid det sist innleverte listeforslaget som er gjeldande.

Etter fristen kan lista berre endrast for sørge for at ho stettar vallova og forskriftene. Det er ikkje lov å endre rekkefølge eller endre på talet kandidatar som skal få røystetillegg etter fristen.

Dersom ein kandidat trekk seg, vil dei tillitsvalde for lista få moglegheit til å sette inn ein ny kandidat om ønskeleg, enten på ledig plass eller fylle inn frå botn.

Ei liste kan trekkast innan 20. april klokka 12. Etter dette, vil det ikkje vere mogleg å trekke lista.

Meir informasjon og lenkjer

Denne rettleiinga er ikkje uttømande.

Ikkje nøl med å ta kontakt med valansvarleg om du har spørsmål.

For meir informasjon om korleis stille liste, og utforminga av desse sjå

Valansvarleg i Ørsta kommune er Ingeborg Myklebust Bjørneset (ingeborg.bjorneset@orsta.kommune.no)

Kontaktinformasjon

Leiar i valstyret er ordførar Stein Aam:
stein.aam@orsta.kommune.no / 97 15 54 01

Valansvarleg i Ørsta kommune er Ingeborg Myklebust Bjørneset:
ingeborg.bjorneset@orsta.kommune.no / 90 85 72 42

 

Innlevering av listeforslag per post: 

Valstyret i Ørsta
Dalevegen 6
6153 Ørsta

Digital innlevering av listeforslag kan du gjere via Valdirektoratet sine nettsider.


Offentleg ettersyn

Listeforslaga vert lagt ut for offentleg ettersyn her etter kvart som dei kjem inn. Når valstyret har godkjend listene, vil dei endelege listene verte lagt ut i eigen artikkel.

Arbeidarpartiet

Listeframlegg levert 31.01.2023. Oppdatert liste levert 03.02.2023.                

Val 2023 - Arbeidarpartiet
Kandidatnr. Stemmetillegg Navn Fødselsår Bosted
1 * Karen Høydal 1949 Vallabøen
2 * Alexander Riise Olsen 1986 Sæbø
3   Siri Dahl Masdal 1974 Vartdal
4   Børge Even Gundersen 1975 Hovdebygda
5   Ingvild Aasen 1973 Vartdal
6   Marius Vik 1996 Rystefeltet
7   Iselin Steinnes Foldal 1987 Mosmarka
8   Inge Birger Bjørdal 1965 Hovdebygda
9   Kjellfrid Hovdenakk 1955 Åmdalen
10   Kjell-Einar Dagfinrud 1963 Engeset
11   Marthe Drabløslid 1992 Vallabøen
12   Toril Langlo 1948 Vallabøen
13   Idar Auflem Øye 1982 Engeset
14   Ingri-Elise Breivik Rovde 1985 Hovdebygda
15   Frode Emil Vartdal 1962 Nordre Vartdal
16   Ingeborg Anne Sætre 1955 Vartdal
17   Robert Bueide Watne 1986 Vallabøen
18   Marita Aklestad 1991 Mosmarka

 

Framstegspartiet

Sendt inn: 21.03.2023 15:47:38

Val 2023 - Framstegspartiet
Nr Stemmetillegg Namn Fødselsår Bustad Partitilhøyrsle
1 * Tore Thon 1966 Ørsta FrP
2   Hogne Barstad 1953 Barstadvik FrP
3   Roger Inge Brunstad 1972 Ørsta FrP
4   Eilis Mari Grinde 1976 Ørsta FrP
5   Cindy Hoddevik 1992 Sæbø FrP
6   Aleksander Jørgensen 1994 Ørsta FrP
7   Monica Kipperberg 1978 Ørsta FrP
8   Daniel Kloiber 1982 Ørsta FrP
9   Arnt Ivar Kolås 1991 Ørsta FrP
10   Inge Kolås 1958 Ørsta FrP
11   Roger Kolås 1981 Vartdal FrP
12   Even Melheim 1987 Hovdebygda FrP
13   Roy Magne Mo 1975 Ørsta FrP
14   Arnt Øyvind Myklebust 1976 Hovdebygda FrP
15   Hans Olav Myklebust 1971 Vartdal FrP
16   Kari Janne Myklebust 1968 Vartdal FrP
17   Per Olav Sandbakk 1981 Ørsta FrP
18   Svein Egil Seterbakken 1973 Barstadvik FrP
19   Asgeir Standal 1962 Ørsta FrP
20   Bodil Standal 1963 Ørsta FrP
21   Knut Helge Stokke 1951 Sæbø FrP
22   Per Atle Tonheim 1970 Ørsta FrP
23   Johan Bertel Vartdal 1977 Vartdal FrP
24   Odd Magne Vinjevoll 1955 Ørsta FrP
25   Oddvar Åm 1946 Ørsta FrP

 

Høgre

Listeframlegg levert 30.01.2023.

Val 2023 - Høgre
Kandidatnr. Stemmetillegg Navn Fødselsår Bosted / Tilhørighet
1 * Per-Are Sørheim 1964 Åmdalen
2   Inger Merete Sandvik Sundnes 1967 Ørsta
3   Anne Sølvi Vatne 1964 Ørsta
4   Sven Castberg 1966 Ørsta
5   Guttorm Hagen 1958 Ørsta
6   Ann-Karin Sætre 1982 Vartdal
7   Anbjørn Steinsholm Frislid 1996 Ørsta
8   Jahn Christer N Humberset 1982 Ørsta
9   Brit Aanning Aarseth 1939 Vartdal
10   Sjur Aarestrup 1950 Vartdal
11   Terje Koppen 1963 Hovdebygda
12   Ann Kathrin Yndestad 1968 Ørsta
13   Stian Nytun 1983 Ørsta
14   Einar Norvald Åmås 1977 Ørsta
15   Lisbeth Bjørneset Myklebust 1953 Ørsta
16   Jonas Bjørneset 1996 Ørsta
17   Kjell Rune Opsahl 1963 Ørsta
18   Birgitte Schytte Sætre 1946 Ørsta
19   Bjørn Harald Støylen 1947 Ørsta
20   Guttorm Arne Sætre 1946 Ørsta
21   John Kåre Mo 1954 Ørsta
22   Anders Roald 1940 Ørsta
23   Rune Hovde 1964 Ørsta

 

Kristeleg folkeparti

Listeframlegg levert 17.02.2023.

Kristleg folkeparti liste 2023
Kandidatnr. Stemmetillegg Navn Fødselsår
1 * Hjørdis Almelid Vikenes 1971
2 * Roger  Vartdal 1953
3 * Veronica Skogström Bigset 1970
4   Hans Olav Øyehaug 1962
5   Jenfrid Vikenes 2003
6   Geir Høydalsvik 1968
7   Trond Vartdal 1963
8   Caroline Sefu 1979
9   Frode Weider 1977
10   Paul Kristian Hovden 1973
11   Peder Vikenes 1969
Miljøpartiet Dei Grøne
Sendt inn: 30.03.2023 kl. 09:12

 

Miljøpartiet Dei Grøne Ørsta
Nr Stemmetillegg Namn Fødselsår
1 * Olav  Øyehaug Opsvik 1990
2 Karin Frida Andrea Gillberg 1979
3 Iren Bodil Aambø 1965
4 Knut Arne Nygård 1969
5 Olav Sandanger Myklebust 1974
6 Einar Yngve Opsvik 1960
7 Laura Mortveit 1989

 

Senterpartiet

Sendt inn: 30.03.2023 kl. 09:54

Senterpartiet
Nr Stemmetillegg Namn Fødselsår Bustad
1 * Tove  Halse Digernes 1972 Liadal
2 Lene Aklestad 1984 Hovdebygda
3 Odd Bjarne Bjørdal 1968 Bjørdal
4 Bente Iren Flåvik Bjørndal 1968 Mosmarka
5 John Helge Bjørndal 1965 Vartdal
6 Cato Engen 1964 Hovdebygda
7 Helene Vartdal  Engeseth 1991 Engeset
8 Yngve Frøland 1986 Sæbø
9 Sander Rem Haugen 2001 Rekkedal
10 Olav Hope 1980 Standal
11 Jan Eldar Hovdenakk 1976 Åmdal
12 Per Ivar Lied 1970 Ørsta sentrum
13 Vegard Lystad 1981 Lystad
14 Arne Gunnar Melle 1945 Melsbygda
15 Oddhild Raftevold Mo 1964 Mosmarka
16 Gunnhild H Myrhol 1981 Sæbø
17 Fred Christian Olsen 1975 Hovdebygda
18 Kristin Riise 1986 Hovdebygda
19 Sveinung Saltre 1980 Hjørundfjordstranda
20 Sindre Skare 1981 Ørsta sentrum
21 Dalana Hill Storebø 1984 Rekkedal
22 Karl Asgeir Sæbønes 1960 Sæbø
23 Rakel Sætre 1981 Vartdal
24 Stig Asle Sætre 1972 Melsbygda
25 Ann-Helen Sørhaug 1966 Hovdebygda
26 Sigrid Torbjørnson 1968 Ørsta sentrum
27 Liv-Randi Volle 1967 Barstadvik
28 Hildegunn Welle 1985 Åmdal
29 Margrete Homlong Øyehaug 1969 Follestaddal
30 Anne Stine Foldal Aam 1966 Åmdal
31 Hans Martin Foldal Aam 2001 Åmdal
32 Hilde Aambakk 1962 Åmdal
33 Ida Aarskog 2002 Liadal
Sosialistisk venstreparti
Sosialistisk venstreparti
Kandidatnr. Stemmetillegg Navn Fødselsår Bosted
1 * Marit Aklestad 1983 Sæbø
2 * Magnar  Hjertenæs 1962 Ørsta
3 * Synnøve Marie Sætre 1990 Ørsta
4 * Kristoffer Myklebust Egset 1998 Ørsta
5   Betina Haug Olson 1990 Sæbø
6   Hans Jakob Overå 1961 Hovdebygda
7   Ragnhild Aasen 1973 Vartdal
8   Stian  Thunem-Borelly 1985 Ørsta
9   Kristin Wangen 1988 Ørsta
10   August Øyehaug Sellevold 2002 Ørsta
11   Bente Cathrine Hjertenæs 1960 Ørsta
12   Rune Vatne 1992 Ørsta
13   Aslaug Marit Øyehaug 1964 Melsbygda
14   Erlend Walseth 1980 Sæbø
15   Ellen Synnøve Aarseth 1966 Ørsta
16   Jørn  Nydahl 1980 Trandal
17   Rudina Robertsen 1959 Ørsta
18   Ingelin Turbekkmo-Øye 1990 Ørsta
19   Kine Ulvestad 1984 Hovdebygda
20   Tsehai Birhan Gebrezgiabher 1960 Ørsta
21   Vidar Roald 1962 Ørsta
22   Sigrid-Anette Vatne 1989 Åmdal
23   Hans Robert Bondhus 1982 Ørsta
24   Anne-Britt Vartdal 1966 Vartdal
25   Stine Leira Rist 1987 Urke
26   Ole Wirum 1982 Sæbø
27   Hilde Muren 1964 Sæbø
28   Kristin Graff 1950 Ørsta
29   Inger Bente Sæten 1965 Ørsta
30   Per Harald Andreassen 1945 Ørsta

 

Venstre
Innlevert: 30.03.2023 kl. 18:50

 

Vallister 2023 - Venstre
Nr Stemmetillegg Navn Fødselsår
1 * Are Folkestad 1976
2 * Stine Mari Liaset 1984
3 * Bent Nakken Kjerstad 1986
4 * Erling Taftesund 1973
5 Anne Kirsten Ellingsen 1947
6 Kyrre Grimstad 1957
7 Gunnar Knutsen 1956
8 Lone Ellingvåg Knutsen 1985
9 Bjarte Roth 1954
10 Elise Roth 1984
11 Arnfinn  Bjarte Sætre 1966
12 Hadid Tavaen 1996
13 Rolf Vatn 1942
14 Robert Prestegarden Vatne 1975
15 Inger Åkre 1951

 

Følg oss