AKTUELT NO:

Sikkerheitstips i ferien

Sikkerheit er viktig, so her kjem fem tips frå Bjørnis, Brann og redning.

 

Redningsvest

Vassvettreglane, lenke.

  1. Ha respekt for vatn, vær og forhold. Strømforhold og kaldt vatn kan gjere svømmeturen farleg.
  2. Born skal aldri bade åleine. Pass godt på dine eigne born og følg med andre sine.
  3. Bli kjend med botn og djubdeforhold. Aldri hopp eller stup der du ikkje er kjent.
  4. Kjenn dine eigne grenser. Du kan ikkje redde andre utan først å ta vare på deg sjølv.
  5. Ved ulukke; varsle først, så redde. Gi beskjed slik at fleire kan hjelpe til.
  6. Bruk redningsline eller livbøye ved redning. Ha alltid ein gjennstand mellom deg og den som treng hjelp. Redning frå land gir auka tryggleik.
  7. Bruk flytevest og følg sjøvettreglane når du ferdast i båt. Flytevest reddar lig og reglar gjer sjøen tryggare for alle.
  8. Vend i tide. Det er ingen skam å snu. Svømmeturen skal gå langs med stranda. Søk ly viss det bles opp på båtturen.

Dette bør du tenke på når du kjøper redningsvest til born: LES ARTIKKEL

 

Grilling

Eller bruk ein av dei fine offentlege grillane vore på Vekselet, i Tussaparken på Hovdevatnet og på Rjåneset.

 

Bålforbod

Mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjer opp eld på utmark og i og i nærleiken av skog. Ofte kalla "Bålforbod".  Det betyr at det er forbod mot alt frå primus til bålpanne i og i nærleiken av skog.

 

Camping

For fleire tips til branntryggleik på ferie – Sjå sikkerhverdag.no

 

Arrangement

Det er mange som no leiger ut lokale til forskjellige tilstellingar. Alle er ikkje nødvendigvis tilrettelagt for så mange personar eller denne bruken. Meld frå til oss slik at vi kan sørge for at sikkerheita vert ivareteke.

Følg oss