Redusert foreldrebetaling i SFO gjeld no frå 1. til 4. trinn

skule klasserom - Klikk for stort bileteUtdanningsdirektoratet melder at frå 1. august 2021 vil redusert foreldrebetaling til foreldre med låg inntekt òg gjelde for 3. og 4. trinn, i tillegg til 1. og 2. trinn. Dette inneber at ein heiltidsplass eller deltidsplass på SFO ikkje skal koste meir enn maksimalt seks prosent av den samla personinntekta til hushaldet.

Betaling for mat kan kome i tillegg. Reglane gjeld for SFO som kommunane tilbyr, og SFO ved friskular og andre private skolefritidsliknande tilbod er ikkje omfatta av desse forskriftsføresegnene.

Meir informasjon og søknadsskjema

Følg oss