KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

24.11 kl.14.40 Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er opna att

Råd til alle som kjem heim til Sunnmøre i juleferien

Klikk for stort bilete 

Ein etterlengta juleferie står etter kvart for døra. Vi gler oss til å treffe slekt og vener. Det er viktig å kunne gjenomføre dette på ein trygg smittevernmessig måte.

Vi har difor utarbeidd nokre råd som kan hjelpe til at juleferien både kan verte den høgtid og samlinga vi ønskjer, og at det vert trygt knytt til smittevern. 

  1. Siste veka før du reiser på juleferie sjå til at du har så få kontaktar med andre som råd er.
  2. Pass på godt smittevern når du reiser.
  3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonane våre med det same du kjem heim. Ring teststasjonen (700 58 960) 1-2 virkedagar før du kjem heim for å bestille time.
  4. Dei 2-3 første dagane etter du kjem heim, i alle tilfelle til du har svar på ein test, så har du kontakt berre med din næraste famile der du bur. Besteforeldre og vener får vente på deg desse dagane.
  5. Pass på avstand, handhygiene, og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap!

Råda gjeld både dei som kjem heim til Sunnmøre på juleferie, og for dei som reiser ut av regionen for å feire jul ein annan stad i landet. 

Helsing frå kommuneoverlegane på Sunnmøre.