Ørsta-Volda Lufthamn blir stengt i perioden 19. juni–15. juli

Bildet viser eit Wideøe fly som står på ei rullebane. - Klikk for stort bilete Avinor


Pressemelding frå Ørsta-Volda Lufthamn

Nytt banedekke på Ørsta-Volda Lufthamn

Ørsta-Volda Lufthavn skal gjennomgå full reasfaltering i løpet av sommaren. Dette betyr full stenging av lufthavn over ein periode på fire veker og nattestengte periodar både i forkant og etterkant av perioden der lufthamna er heilt stengt.

Heilt stengt

Ørsta-Volda Lufthamn blir heilt stengt i perioden måndag 19. juni kl. 00:00 til laurdag 15. juli kl. 06:00.

Nattestengt

Sidan det er behov for ein del forarbeid og etterarbeid til sjølve heilt stengt-perioden, så vert lufthamna i tillegg stengt kvar natt i perioden tirsdag 6. juni kl. 21:30 til fredag 16. juni kl. 06:00 og laurdag 15. juli kl. 20:30 til fredag 21. juli kl. 06:00.

Asfalt og banelys

Reasfaltering av ei rullebane er eit omfattande arbeid og heile rullebana skal få nytt dekke. Det same skal taksevegar og flyoppstillingsplassar få.

Alt av banelys og innflygingslys skal også skiftast til LED-belysning som ein del av dette prosjektet.

Viktig investering

Alt i alt så er dette ei stor oppgradering av lys og banedekke for lufthamna for åra framover.

Det blir ikkje muleg å booke billettar i den perioden lufthamna er stengt.
Kundar må forholde seg til informasjon frå sitt reisebyrå/utsalsstad.

Følg oss