Nye skogbruksplanar med miljøregisteringar

Allskog

Miljøregistreringane frå 2007 i Ørsta kommune må oppdaterast i eit nytt skogbruksplanprosjekt. Dette er bestemt av tømmerkjøparane i området på bakgrunn av ein kvalitetsvurdering av miljøregistreringane.

Styringsgruppa som består av Odd Løset (fylkesskogmeister), John Kåre Mo (leiar Volda og Ørsta Skogeigarlag), Tormod Tranvåg og Peder Magnussen (skogansvarleg i Volda og Ørsta) ga oppdraget med å lage nye skogbruksplanar med miljøregistreringar til Allskog.

Som skogeigar er du forplikta til å kjenne til miljøverdiane i skogen din og kunne forklare kva du gjer for å teke vare på dei. Miljøregistrering i skog (MiS) er dermed eit essensielt tiltak for å kunne drive eit berekraftig, sertifisert og lovleg skogbruk. Ved å bestille skogbruksplan med MiS, sikrar du at eigedommen din kan selje sertifisert virke til industrien.

Bestilling kan du gjere på skogeigars “Min side” på www.allskog.no, eller via skjema (som skal sendast til orsta@allskog.no eller leverast på servicekontoret.) 

Om du treng hjelp til bestilling eller har andre spørsmål, ta kontakt med:

Allskog Iver Trøite, tlf: 91 66 05 38
Knut Smågård, tlf: 40 06 47 69
orsta@allskog.no

Meir informasjon i informasjonsbrosjyra.

Følg oss