AKTUELT NO:

Ny tildeling av kommunale kompensasjonsmidlar til lokale verksemder

Søknadsfrist er tysdag 31. mai 2022.

Ørsta kommune har fått tildelt ytterlegare kr 324.000 av statlege midlar for å avhjelpe situasjonen i lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak knytt til korona.
 

Formål

Avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak, eller lavkonjunktur som følge av korona.

 

Kriterium

Søknad/tildeling vil bli vurdert utifrå følgande punkt:

  • Om verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det vil seie negative verknader som har påført ekstra kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging, eller påfølgande økonomisk nedgang/lavkonjunktur.
  • Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter eller auka utgifter som følge av korona.
  • Om verksemda kan dokumentere at den fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
  • Nyetablerte verksemder utan drift i 2019/2020 må kunne dokumentere tap av forventa inntekter/avlyste arrangement/bestillingar
  • Verksemder innan reiseliv og overnatting, og andre næringar som fell heilt eller delvis utanfor generell kompensasjonsordning, deriblant nystarta, vert særleg vurdert.
  • Verksemda må ha aktivitet og ha adresse i Ørsta kommune. Har verksemda også aktivitet utanfor kommunen, er det berre den delen som er innanfor kommunen som er grunnlag for støtte
  • Maksimal støtte i denne runden er 120.000
  • Maksimal støtteintensitet er 70%, altså 70% av dokumentert tap
  • Støttebeløp vil bli avkorta forholdsmessig dersom totalsum av alle søknader overstig tildelt ramme til kommunen
  • Kommunale verksemder er ikkje støtteberettiga
  • Tap etter 31. desember 2021

 

Søknad

Du skal søke skriftleg via søknadsskjema i portalen www.regionalforvaltning.no

Søk opp Ørsta kommune, kommunal kompensasjonsordning, april 2022, eller følg denne lenka direkte til søknadsskjema. Her ligg søknadsskjema med 6 standardsider, inkl to eigenerklæringar (s 4 og 5). På side 6 lastar du opp to vedlegg du må lage; - dokumentasjon på tap, samt - kort fritekst der du omtaler bakgrunn for søknaden/situasjon for verksemda og tal tilsette.

Samla ramme vil bli fordelt på søkarane utifrå tilsendt informasjon og dokumentasjon, samt gjeldande kriterie. Dialogen med søkjar skjer gjennom Ørsta Næringskontor. Vurdering og søknad blir lagt fram for formannskapet for vedtak.

Støtta i denne runden blir gjort etter det som er kalla notifisert ordning, ikkje bagatellmessig stønad. Det er derfor utarbeidd klare kriterie for tildeling og vurdering. 

Ørsta kommune og Kommunal-/moderniseringsdepartementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga. Uriktig informasjon kan medføre at støtta bli trekt tilbake.
 

Søknadsfrist

Søknadsfrist er tysdag 31. mai 2022.

  

Lenker vidare

Søknadsskjema 

Informasjon på regionalforvaltning.no 

Informasjon frå regjeringa

 

Meir informasjon

Ta gjerne kontakt før du søker. 

Odd Magne Vinjevoll
Ørsta Næringskontor

906 15 145
@ omv@orsta-nk.no

Kontakt

Odd Magne Vinjevoll Ørsta Næringskontor
90615145
@ Odd Magne Vinjevoll

Følg oss