Næringsfond i Ørsta kommune: «Saman for vekst!»

idemyldring - Klikk for stort bilete Har du ein god næringsidè? Næringsfondet er tilført ekstra midlar i 2020.

Lyst å starte eiga verksemd? Har di bedrift behov for midlar til omstilling? Eller kanskje ein idè som kan føre til vekst og arbeidsplass i ei koronatung periode?

 

Formål

Ørsta kommune skal i rolla som samfunnsutviklar vere ein aktiv aktør for tilrettelegging og utvikling av næringsliv og arbeidsplassar i heile kommunen. Næringsfondet i Ørsta kommune skal styrke kommunen sitt arbeid med næringsutvikling og verdiskaping. Målet er fleire arbeidsplassar, sterke kompetansemiljø og berekraftige næringar. Fondet skal støtte både:

  • nyetablering og gründerar
  • stimulere til vidareutvikling og nyskapande aktivitet i etablerte verksemder/føretak.

I 2020 er det i tillegg tilført midlar for å kunne støtte næringsidear (nyetablering, omstilling, utviding) i ein koronatung periode. Det er etablert ei ordning der små bedrifter/næringsaktørar kan søkje om særskild koronastønad dersom føretaket er ramma av vesentleg omsetjingsfall. Stønaden er tenkt innretta særskilt for dei som fell utanfor dei nasjonale stønadsordningane knytt til koronaverknader

 

Korleis søkjer ein om stønad?

For den særskilde korona-ordninga er søknadsfristen 15.september. Føretaket må dokumentere inntektssvikt/omsetjingstap, og maksimal stønad er kr 80.000 per bedrift. Samla ramme er kr 600.000, slik at tildeling kan bli mindre dersom det kjem mange søknadar.

For Næringsfondet generelt kan ein søkje gjennom heile året, det er altså ingen spesifikk søknadsfrist. Næringskontoret gjer ei vurdering og innstiller til formannskapet som gjer endeleg vedtak. Søkjar må vere registrert med organisasjonsnummer i Einingsregisteret. Søknaden må vere innsendt før prosjektet blir starta. Tiltak kan støttast med inntil 50% av totale kostnader, avgrensa til maksimalt kr 400.000 frå næringsfondet.

Søknad må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel vere så kort og konkret som mogleg (maks 10 sider). Sjå fullstendige retningslinjer for detaljert informasjon om kva søknaden skal innehalde. Søknad skal sendast til Ørsta Næringskontor på e-post: omv@orsta-nk.no.

 

Sluttrapportering

Alle tiltak som får stønad skal sende inn prosjektrapport, seinast 6 mnd etter at tiltaket er avslutta. Sluttrapport er vilkår for sluttutbetaling. Dersom stønad frå Næringsfondet blir brukt til anna enn omsøkt eller blir misleghalde, kan kommunen krevje støtta tilbakebetalt.

 

Les dei fullstendige retningslinjene før du søkjer

Fullstendige retningslinjer

Utvida retningslinjer for særskild korona-ordning

Stønad til skredfarevurdering (næringsformål)

 

Ta gjerne kontakt før du søkjer

Odd Magne Vinjevoll
Ørsta Næringskontor