Moglegheitsdagen 2023 – Give a job

NAV kontora saman med utvalde kommunar på Søre Sunnmøre invitera næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, og andre til ei utvida jobbmesse.

Her blir det ei utvida jobbmesse med trerettars middag, god underhaldning og fagleg påfyll av kjende foredragshaldarar . Og Arne Hjeltnes er konfraniser. Det er gratis å delta, men det er avgrensa med plassar.
 

Dato: Tysdag 24. januar 2023
Tidspunkt: Kl. 12.30–20.00
Stad: Ørsta kulturhus

Meld deg på her


Frist for påmelding fredag 13. januar.


Program
12.30–14.00 Lunsj med program for næringsliv og frivillige lag/organisasjonar

  • Kvifor tilsette/ rekruttere folk med rare namn v/ Aiman Shaqura
  • Krysskulturell kommunikasjon og kulturforskjellar v/ Pellegrino Riccardi
  • Snakk norsk eller reis tilbake der du kom frå v/ Kimiya Sajjadi

14.00–15.00 Registrering og førebuing av stands for bedrifter og frivillige lag/organisasjonar

  • Bedrifter og frivillige lag/organisasjonar riggar stands
  • Registrering av deltakarar ved hovuddøra

15.00–16.30 Velkomst og opning v/ næringsminister Jan Christian Vestre (Evt. Stein Aam – ordførar Ørsta kommune)

  • Musikalsk innslag
  • Kort introduksjon av Give A Job, v/ Aiman Shaqura
  • Innleiing og praktisk informasjon, v/ Arne Hjeltnes
  • Frå innbytar til førsteellver, v/ Statistikksjef i NAV, Ulf Andersen

16:30–18.00 Jobbmesse, med servering av forrett

  • Bedrifter og frivillige lag/organisasjonar på stand
  • Mingling og relasjonsbygging

18.00–20.00 Hovudprogram og middag

  • Musikalsk innslag
  • Kultur og religionsforståing i arbeidsliv v/ Kassim Adan og Bergen Moské
  • Panelsamtale; Frå flyktning til ressurs v/ Aiman Shaqura
  • Suksesshistorie, frå A. Våge med Alex Heltne og ny fagarbeidar
  • Talkshow, Arne Hjeltnes


Invitasjon (PDF, 765 kB)

Følg oss