Miniseminar om nye krav frå Miljødirektoratet i høve kunstgrasbaner

Klikk for stort bilete pixabay TeBe Sport og Ørsta kommune inviterar til miniseminar om nye krav og forskrifter frå Miljødirektoratet, status på gras utan kunstig fyll og ryddig avhending av kunstgras.

Tid: Onsdag 4. mars kl. 18.00 - 21.00
Stad: Ørsta kulturhus
Påmeldingsfrist: 2. mars 2020 på denne lenkja

Påmeldinga må innehalde antal deltakarar, namn og klubb.



Føredragshaldar: Oddbjørn Lindebø-Tennebekk frå TeBe Sport
Seminaret er gratis og det vil bli servert kaffi

Det er eit aukande krav, fokus og behov for kunnskap om kva som er krava og moglegheitene rundt forsvarleg og bærekraftig drift av både klubb og anlegg. Nye krav frå Miljødirektoratet på trappene, dette vil medføre nye krav til drift og aktive tiltak for å miljøsikre baner med kunstig ifyll.

  • Korleis kan dette løysast så kostnadseffektivt som mogleg? 
  • Korleis kan ein drifte og utforme banen for å forlenge leveitda og halde granulatet der det høyrer heime, på bana?
  • Er det noko alternativ til kunstig ifyll, og kva er fordelar og ulemper med dette?
  • Og det store spørsmålet: Kva gjer vi med bana når den skal skiftast ut?

Gjennom seminaret vil deltakarane få svar på mange av dei spørsmål og usikkerheiter som i dag eksisterar rundt drift, vedlikehald og avhending av kunstgras med og utan kunstig ifyll. Dette er mellom anna: 

  • Kva krav kjem frå Miljødirektoratet, og når kjem desse?
  • Kva kan ein gjere for å imøtekome desse krava?
  • Kostar det klubbane 1-2 millioner NOK for å imøtekome desse krava?
  • Korleis skal ein finansiere tiltaka?
    Kva skjer i bransjen når det gjeld typer kunstgrad og ifyll? Kork, kokos, olivensteiner o.l.
  • Kva med SBR om ein skal skifte banedekke i 2020?
  • Er eller vil SBR bli forbode?
  • Kva gjer andre klubbbar og kommunar?
  • Kor mykje av plastgranulatet på ei kunstgrasbane kan ein klare å samle opp og gjenvinne?
  • Kva krav bør eller må ein stille ved kjøp av nytt gras?
  • Spelemidlar i høve grastype?
  • Avnhending, kva gjer vi med den gamle bana?