Landbrukskonferansen 2019

Klikk for stort bilete Landbrukskonferansen 2019 vert arrangert på Ørsta kulturhus fredag 8. februar kl 10.00 – 15.45. 

Landbrukskonferansen vert arrangert av faglaga i landbruket i samarbeid Ørsta Næringskontor og Landbrukskontoret Ørsta Volda. Møteleiar er Oddvar Mikkelsen, leiar i Møre og Romsdal Bondelag

I år har konferansen to hovudtemaet. Før lunsj står klima og landbruk på agendaen. Korleis kan landbruket kome i møte klimautfordringane? Her vert innlegg både frå lokale næringsutøvarar og frå fagpersonar som jobbar med problemstillinga.

Etter lunsj vil ein setje fokus på balansen i marknaden. I jordbruksoppgjeret i 2014 opna ein for auka produksjon på m.a. kjøt og mjølk. Kva verknader på godt og vondt har ein fått i etterkant? Her vil fylkesleiarar i Bondelaget og nyvald leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag kome med innspel og synspunkt. 
 

Program landbrukskonferansen

Innbydarane ynskjer velkomen til ein konferanse med dagsaktuelle tema, men ikkje minst til ein viktig møteplass for yrkesutøvarane og alle andre som er knytt til landbruksnæringa.  

Inngangsbillett kr 200,- lunsj inkludert. Inga påmelding - alle er hjarteleg velkomen!

Fann du det du lette etter?