Kurstilbod: Ørsta kulturskule

Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete

Ørsta kulturskule har eit variert kurstilbod for våren 2019: 

Meir info: Ørsta kulturskule

 

Gitarkurs for vaksne: Nybyrjarar

Her får ein lære enkel besifring, rytmeøvingar og vedlikehald av gitaren. Vi tek utgangspunkt i enkle melodiar som alle kan henge med på - med litt øving.

Onsdagar kl 19, frå 13. februar. (Det er ikkje undervisning i veke 9.)  
 

Gitarkurs for vaksne: Vidarekomne

Onsdagar kl 19, frå 3. april. (Det er ikkje undervisning i påskeveka eller 1. mai.)

Kurset byggjer vidare på nybegynnarkurset, men er òg ope for gitaristar som har spelt før. Her får ein lære å lese tabulatur, korleis transponere ein song, gehørspel, samt litt noteteori.

 Kvart gitarkurs kostar kr. 800 for 6 gongar (à 55 min.) Kurshaldar: Gard Eirik Austrheim.
 

Visuell kunst: For born i grunnskulealder

Vi har nokre ledige plassar på visuell kunst i kulturskulen. Her får ein jobbe med ulike uttrykksformer. Teikning, maling og skulptur vert hovudformene i vårsemesteret. 

Torsdagar i vårsemesteret. Kr. 1745 pr. semester. Lærar: Marita Bett Aakre. 

 

Babysongkurs: Levande musikkglede

Måndag 14. januar kl 12.00-13.00 startar kulturskulen opp med nye kurs for foreldre og born.

Stad: Ørsta kulturskulen, Strandgata 1. Påmelding: www.orstakulturskule.no.  

Kr 800,- for 10 gongar. Kurshaldar: musikkterapeut Brita Høydal. Ørsta Kulturskule

 

Førskulegruppe/Kulturskulekarusell

Musikkgruppe med song- og musikkleik, instrumentspel, drama, teikning og forming. Tilbodet vil vere for grupper på 6-10 elevar i 45-60 min., for born i alderen 3-6 år.

Onsdagar kl 17.45-18.30 på kulturskulen, Strandgata 1. Påmelding: www.orstakulturskule.no. Kr 1400 for 15 gongar. Kurshaldar: Musikkterapeut Brita Høydal.

Fann du det du lette etter?