Kurs i Mestring av Depresjon (KID)

Klikk for stort bilete Ørsta kommune arrangerer Kurs i Mestring av Depresjon (KiD).

Kurset er basert på kognitiv åtferdsteori som er ein godt dokumentert metode for å behandle depresjon. Kurs som tiltak er godt dokumentert som effektivt, på line med individuell kognitiv terapi.

Sjå heile brosjyra her
      


KiD-kurs startar Februar 2020
Frist for påmelding: 6. januar 2020. 
Tid: Mandagar 1215 - 1445
Stad: Bakk Ola-marka, 2. etasje.

Kursavgift kr 450 blir betalt første dagen og dekkjer kursmateriell.

Kursleiarar er :

  • Janita Sporstøl Krøvel, tlf.nr. 416 22 847
  • Ingvill Korsfur Ose, tlf.nr. 952 97 832  

 

Praktisk info:

Kurset vert leia av trena og godkjende kursleiarar. Kurset blir gjennomført med 10 samlingar, kvar på 2,5 timar, med innlagde pausar. Det er vanlegvis 8-12 deltakarar på kvart kurs. 

Kursboka, Å meistre depresjon, blir brukt aktivt på heile kurset.

Kursdeltakarar kan visast til kurset frå fastlegen/behandlaren sin, eller gjennom annan kontakt med helsetenesta. 

 

Sjå meir informasjon om Kurs i Mestring av Depresjon (KID) på heimesidene til Fagakademiet, www.fagakademiet.no  og Rådet for Psykisk Helse, www.psykiskhelse.no.

Fann du det du lette etter?