Korleis har du det i fylket vårt?

Illustrasjonsfoto: privat - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: privat

I løpet av februar skal Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) for første gong gjennomføre ei folkehelseundersøking for å kartlegge innbyggjarane si helse, velferd, trivsel og livskvalitet. 

Undersøkinga vil gå ut til ca. 56 000 av dei som bur i fylket som er 18 år og eldre, i perioden 1.-14. februar 2021. Dei som får undersøkinga vil bli direkte invitert til å svare på spørjeundersøkinga per SMS og e-post. Gjennomføringa er heil-elektronisk, basert på eit utval trekt frå Folkeregisteret. Undersøkinga kan svarast på frå smarttelefon, nettbrett eller PC.

For å svare på undersøkinga loggar du deg inn med personleg ID for eksempel bank-ID eller Min-ID. Lenka er kryptert for å unngå at den blir kapra av robotar og brukt til svindelforsøk.

Andre innbyggjarar kan òg svara på undersøkinga. Det einaste kravet er at du må vere 18 år eller eldre, og bu i Møre og Romsdal.

Bli med på folkehelseundersøkinga.

 

Viktig med høg deltaking

Informasjonen som vi samlar inn vil vere eit viktig grunnlag for arbeidet innan fleire områder i fylkeskommunen og kommunane i Møre og Romsdal. Folkevalde og andre som tek avgjerder vil få nyttig informasjon om korleis innbyggjarane opplever si eiga helse og sitt nærmiljø – og mykje meir.
 

 

Les meir om...

 

Har du spørsmål?

Ring Møre og Romsdal fylkeskommune 71 20 03 30 på kvardagar mellom kl. 9–15, eller send ein e-post til folkehelse@mrfylke.no.

Følg oss