Kommunen utvider digital innbyggardialog via helsenorge.no

Klikk for stort bileteRegistrer deg og ha ein trygg og oversiktleg dialog med heimetenestene våre. Slik får du blant anna ein digital kalender for heimetenestene. 

Ørsta kommune tok i bruk digital innbyggardialog hausten 2019 for tenestene praktisk bistand og matombering. No utvidar kommunen tilbodet til også å gjelde helsetenester i heim ( heimesjukepleie) samt ulike heimetenester i Dalevegen. Ta kontakt med aktuell einingsleiar om du ynskjer meir informasjon.  

Innbyggardialogen skjer via helsenorge.no, og registrerte aktive brukarar (eller deira pårørande med fullmakt) kan kommunisere digitalt med kommunale helsetenester. Meldingane kjem direkte inn i elektronisk pasientjournal, og skal normalt bli svart på innan utgangen av neste yrkedag.   

Melding og kalender for heimetenester

På helsenorge.no fins det i dag mange tenester for innbyggarane (kjernejournal, byte av fastlege med meir). Melding og kalender for kommunale heimetenester via helsenorge.no gjer nettsida endå meir aktuell. Vi håper at innbyggarane i kommunen vil registrere seg som brukar på helsenorge.no og ta i bruk digital dialog med dei kommunale tenestene.  

Sikker og dokumentert kommunikasjon

I dagens situasjon med pandemi er slik dialog ein enkel og sikker måte å nå tenestene på.

All digital kommunikasjon med helsevesenet skjer trygt via helsenorge.no, og innbyggarane har ei god oversikt over spørsmål og svar. I kommunalt journalsystem vert dialogen journalført på aktuell tenestemottakar. 

Meir utfyllande informasjon er å finne i artikkel om saka frå oktober 2019.