Invitasjon til foreldre og andre interesserte: Temamøte om “nye” Velle skule

Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset

 

Ørsta kommune inviterer til temamøte. Vi vil presentere ulike sider ved prosessen, vise bilete og fortelje om planane framover for nye Velle skule.

Til hausten står nytt, stort skulebygg ferdig ved Velle skule. Bygget skal huse elevar på 5.–7. trinn for Velle og Vikemarka skule. Dette involverer 280 elevar og nær dobbelt så mange foreldre! Ein lang planleggings- og byggeprosess er snart ferdig, og i den samanheng inviterer vi til ope temamøte 16.4. kl. 18.00 på Ørsta kulturhus, kinosalen. 

Vi inviterer foreldre spesielt, men andre interesserte er også velkomne. 

Tilstades vil vere kommunalsjef oppvekst, prosjektleiar, rektorane ved dei to skulane, og andre involverte.

Temamøte om “nye” Velle skule 

Tid: Tysdag 16. april kl. 18.00
Stad: Kinosalen, Ørsta kulturhus

Følg oss