AKTUELT NO:

Innspel til ruteendring for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene

Møre og Romsdal fylkeskommune har starta ruteendringsprosessen for 2023, og Ørsta kommune inviterer med dette grendalag og andre til å kome med innspel til denne prosessen.

Ber om at innspel vert sendt til ingeborg.bjorneset@orsta.kommune.no innan 23. mai.


Fylkeskommunen informerer

Den årlege ruteendringsprosessen for ferje-, hurtigbåt- og bussrutene vil starte i september 2022. Eventuelle endringar vil gjelde frå 1. mai 2023. 

For å få ut ny ruteinformasjonen rettidig til 1. mai 2023, er det viktig at fristen for innlevering av innspel blir overhalden. I praksis må nye rutetider offentleggjerast før jul kvart år.

Kommunar og andre som ønskjer å gje innspel til prosessen blir bedne om å kome med desse no. Det er i denne prosessen viktig at kommunane involverer t.d. skular og trafikknemnder for også å få innspel derifrå. Innspel (buss, ferje og hurtigbåt) må sendast samla, men spesifisert på kvart enkelt transportmiddel til Møre og Romsdal fylkeskommune v/samferdselsavdelinga.

Fylkeskommunen er inne i ei tid med avgrensa økonomisk spelerom og med eit stort fråfall av trafikkinntekter, og det er såleis ønskeleg at kommunane og andre har ei tydeleg prioritering på sine innspel. Eventuelle forslag til kutt i ruter/turar med dårleg belegg, vil styrke forslag til auke på ruter/turar der behovet er aukande.

  • Forslag til ruteendringar som gjer korrespondansar betre vil bli prioritert.
  • Forslag som gjeld endringar i rutetidene på riksvegferjerutene (rute nr: 10, 11, 33 og 48) må tas direkte med Statens vegvesen.
  • Forslag til endringar av haldeplassar eller andre saker som ikkje angår rutetidene spesifikt, må sendes i eige brev utanom denne ruteendringsprosessen.

Dersom det vert aktuelt med større endringar før 1. mai 2023, vert det sendt ut eigne høyringar til aktuelle kommunar.

Følg oss