AKTUELT NO:

Influensavaksine til risikogruppene

Pixabay

Vi har forsatt nokre dosar igjen med influensavaksine. Ring vaksinasjonstelefonen (tlf. 951 67 846) om du ynskjer time, den er open kl. 11.00–15.00 på kvardagar.

Obs! Det må gå minst ei veke mellom influensavaksine og koronavaksine. Velg koronavaksine først.

Dei som har fått time til dose 3 Covid-19 vaksinering og manglar influensavaksine, dei MÅ prioritere dose 3 Covid-19 vaksina framfor influensavaksina. 

 

Barn og vaksne i følgande risikogrupper bør ta influensavaksine årleg:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader
  • Barn og vaksne med:
    • kronisk lungesjukdom
    • kronisk hjarte- og karsjukdom
    • kronisk leversvikt
    • kronisk nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar
    • diabetes mellitus, type 1 og 2
    • svært alvorleg fedme (BMI over 40)

I tillegg tilrår vi at helsepersonell, tilsette i skule og barnehagar, tilsette i teknisk etat, vatn og avløp, renovasjon, beredskapstilsette og liknande tek influensavaksinen. 

I tillegg til risikogruppene blir det også tilrådd influensavaksine til:

  • Helsepersonell som har pasientkontakt. Desse blir spesielt oppmoda om å vaksinere seg, primært for å verne andre (indirekte vern), som pasientar og kollegaer, sekundært for eigen del
  • Personar som bur saman med personar med nedsett immunforsvar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

 

Kontakt

Vaksinasjonstelefon Open mån-fre: kl. 09-11
95167846

Følg oss