Øving/kurs i Holmegata

I dag frå kl. 09.00–12.00 har Brann og redning kurs i bustadbygg i Holmegata. Det kan bli mykje røyk i området.

Influensa- og koronavaksine til risikogrupper

Tilbodet om influensa- og koronavaksine for sesongen 2024/2025 i Ørsta er no klart.

Tid og stad

Stad: Kulturhuset

Du treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp.
Du kan få begge vaksinene same dag.
 

Tysdag 29. oktober

  • Kl. 09.00–11.30 Etternamn A–E
  • Kl. 12.30–15.00 Etternamn F–H

Onsdag 30. oktober

  • Kl. 09.00–11.30 Etternamn I–L
  • Kl. 12.30–15.00 Etternamn M–Q

Fredag 1. november

  • Kl. 09.00–11.30 Etternamn R–U
  • Kl. 12.30–15.00 Etternamn V–Å

Tysdag 12. november 

  • Kl. 09.00–15.00 Open dag

På open dag tysdag 12. november vil det bli anledning å vaksinere seg mot pneumokokk-sjukdom (lungebetennelse) i tillegg til influensa og korona. Alle tre vaksinane kan takast samtidig. Vaksinen bør takast kvart 6. år og kostar kr 400. 

Influensa- og covidvaksine til barn 

Ørsta kommune tilbyr influensavaksine og covidvaksine til barn i risikogrupper (sjå informasjon/lenkje frå FHI). Om du/de ønsker vaksine til ditt barn, ta kontakt med helsestasjonen telefon 94 16 78 48 innan onsdag 6. nov for å avtale tidspunkt. 

Spør fastlege ved tvil om barnet ditt bør ta vaksine. 

Influensavaksine til barn Koronavaksine til barn

Pris

Influensavaksinen kostar kr 200. Vi oppmodar til at ein betalar med kort eller Vipps. Ved evt kontant betaling ber vi om at ein har med eksakt beløp. 

Koronavaksinen er gratis. 

 

Influensavaksinering

Følgjande grupper har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom (risikogrupper), og blir difor tilrådd å ta influensavaksine:

  • Alle frå fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim 
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og vaksne med:
    - Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    - Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    - Diabetes type 1 og 2
    - Leversvikt eller nyresvikt
    - Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
    - Nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
    - Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    - Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege

I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstjenesten som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Heimesjukepleia tilbyr vaksinering i heimane til sine brukarar.

Koronavaksinering

Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler at følgjande grupper bør ta ei ny oppfriskningsdose med koronavaksine før haust/vintersesong 2024/25:

  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og bebuarar i sjukeheim
  • personar i aldersgruppa 18–64 år som inngår i ei risikogruppe
  • ungdom i aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom
  • barn 6 månader–11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom barnets lege vurderer dette som viktig 
  • gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdomar som gir ytterlegare økt risiko. 

Type vaksine

Det er den oppdaterte vaksinen Comirnaty Omicron JN.1 som tilbys i haust. Denne vaksinen dekker undervariantar av koronaviruset, omikron som sirkulerer no. Vaksinen kan gis til barn frå 6 månader og nyttast både til grunnvaksinasjon og som oppfriskningsdose.

Kontakt

Ørsta Helsestasjon
94167848

Følg oss