Har du lyst å jobbe som støttekontakt?

 
Ørsta kommune har til ei kvar tid behov for folk som har lyst til å ta på seg oppdrag som støttekontakt.

Registrer deg som støttekontakt


Som støttekontakt får du vere med å bidra til at eit anna menneske får ei verdifull fritid. Du treng inga formell utdanning, men du må vere omgjengeleg og glad i å vere saman med andre menneske. Ofte er det ein fordel om du har sertifikat og disponerer bil, i andre tilfelle treng ein ikkje det.

Vi treng fleire støttekontakter

Ørsta kommune treng fleire støttekontakter. Omfanget varierar, men dei fleste treff støttekontakta si eit par timar i veka. Arbeidet let seg difor lett kombinere med anna jobb, studie/skule o.l. Menn blir spesielt oppfordra til å søke. 

Du får rettleiing og vert løna som oppdragstakar av kommunen. Du vil få attest. Å vere støttekontakt er ei verdifull erfaring å ha på CV-en sin.

Den som treng støttekontakt har av ulike årsakar utfordringar med å delta på sosiale arenaer eller vere aktiv på fritida utan hjelp frå andre.

Aktivitetar som ei støttekontakt kan hjelpe med kan vere turar og trening, gå på biblioteket, besøke familie/vener, kafè, kino eller andre kulturarrangement.

Å ha ei støttekontakt kan hjelpe nokon meir enn du kan forestille deg! Ørsta Kommune ønsker også å tilby støttekontakt til fleire samtidig i gruppe.

Er DU interessert, ikkje nøl med å ta kontakt.

Kontakt

Runa Bakke tenesteleiar Helse, tildeling og koordinering
91621147
@ Runa Bakke

Følg oss