Har du lagt inn viktige opplysningar i din kjernejournal?

Om uhellet er ute og du detter om og treng akutt hjelp, kan hjelpepersonellet på sjukehuset eller legevakta få opp relevante og viktige opplysningar frå kjernejournalen din. 

Kjernejournalen hentar automatisk inn informasjon frå ulike offentlege helseregistre, men mykje kan du gå inn å registrere sjølv, som:

  • Kontaktpersoner (pårørande og arbeidsgivar)
  • Helsekontakter
  • Spesielle kommunikasjonsbehov (utfordringar med språk, hørsel, tale eller syn)
  • Sjukdomshistorikk (tidligere helsetilstandar eller sjukdommer helsepersonell bør kjenne til)

Kvar finn eg kjernejournalen min?

For å sjå din kjernejournal loggar du på helsenorge.no (ID-porten).

I menyen trykker du på «Kjernejournal».

Les meir om kjernejournal på helsenorge.

Helsedirektoratet



 

Følg oss