Har du framlegg til Stikk UT! Vinterfottur?

   

Ørsta kommune er medlem i Sunnmøre Friluftsråd og er derfor med på Stikk UT! Vinterfottur for første gong.

Sesongen for Stikk UT! Vinterfottur er frå 15. desember til 2. påskedag, og det er tid for å finne 3–8 turar i kommunen. I den samanheng ønsker vi innspel på vinterfotturar innan 14. oktober 2021.

Det er nokre moment som er viktige når det gjeld val av vintertur:

  • Nærturar der folk bur
  • Sjå til at turmålet ikkje er i konflikt med sårbart dyreliv
  • Avklaring med grunneigar
  • Tilgjengeleg parkeringsplass
  • Solid underlag som tåler slitasje på vinteren
  • Turskildring i www.morotur.no
  • Vintertilhøve, ikkje fare for snøskred eller is-sprang
  • Variasjon i innan grøne og blå turar

 

Send innspel her

 

  

Følg oss