AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

Framleis viktig at ungdomar og vaksne testar seg

– Svært mange er sjuke no, men det er relativt få som testar seg, seier kommuneoverlege Marte Vaage Øie.

Vi opplever at det er svært mange som er sjuke no seier kommuneoverlege Marte Vaage Øie, men testaktiviteten er til trass for det svært låg.
 

Fleire fullvaksinerte mellom dei smitta

Dei siste tilfella både i Volda og Ørsta tyder på at det er ukjend smitte i befolkninga. Fleire av dei siste smitta har også vore fullvaksinerte. Vi vil derfor minne om at FHI framleis rår til at alle ungdomar og vaksne bør teste seg ved nyoppståtte luftvegssymptom – dette gjeld også fullvaksinerte.

Meir informasjon hurtigtestar 
 

Råd frå FHI til deg som er ungdom eller vaksen og har nyoppståtte luftvegssymptom

  • Hald deg heime
    • Ved vage symptom kan du gå på skule/jobb same dag viss du testar negativt for SARS-CoV-2. Viss symptoma blir verre eller meir uttalte bør du gå heim og vurdere å ta ein ny test. Tilsette i helse- og omsorgstenesta bør følgje Råd om bruk av personlig beskyttelsesutstyr
  • Du bør teste deg for SARS-CoV-2.
  • Test for SARS-CoV-2 bør gå føre seg i offentleg regi, anten som sjølvtest utlevert av kommunen, eller på teststasjon med bruk av PCR-test eller antigen-hurtigtest.
  • Dei du bur saman med treng ikkje å halde seg heime, heller ikkje dersom dei jobbar i helsetenesta.  
  • Viss du er definert som nærkontakt til husstandsmedlem som har fått påvist covid-19 og du sjølv får symptom, bør du halde deg heime og ta ein test.

Følg oss