KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

24.11 kl.14.40 Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er opna att

Frå 1. november tek Skatteetaten over oppgåvene for skatteoppkrevjaren

Klikk for stort bileteFoto: William Iven / Pixabay

Frå 1. november 2020 har Skatteetaten overteke ansvaret for oppgåvene som skatteoppkrevjaren i kommunen har hatt tidlegare.

Skatteetaten får eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. Etter 1. november er det ikkje lenger skatteoppkrevjar (kemner) i kommunen.

Skatteoppkrevjar Skatteetaten.no

Oppgåvene som blir overført til Skatteetaten i november er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

Skatteetaten tek ikkje i mot e-post, men ved å gå inn via nettsidene kan ein sende skriftlege meldingar om alle typar spørsmål. Treng du meir hjelp må du kontakte Skatteetaten i andre kanalar. Chat, telefon 800 80 000 og Facebook er dei raskaste måtane å få tak i Skatteetaten på.

Ordninga gjeld ikkje eigedomsskatt, som Ørsta kommune vil fortsette å handtere.

Les meir om overføringa av skatteoppkrevinga frå kommunene til Skatteetaten på regjeringen.no >>>