AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Frå 1. mai kjem brev og vedtak frå pleie- og omsorgstenesta digitalt

Klikk for stort bilete  

Laurdag 1. mai 2021 tek pleie- og omsorgstenestene i kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta i bruk digital post for sending av brev.

Dette inneber at innbyggarane i dei fleste tilfelle ikkje lengre vil få vedtak og andre brev frå t.d. heimesjukepleie og sjukeheim tilsendt som ordinær brevpost.
 

Slik fungerer digital post

Dersom du brukar ei digital postkasse (Digipost eller eBoks) vil brev frå pleie- og omsorg leverast dit. Du vil få eit varsel på e-post eller SMS om at du har motteke eit nytt brev. 

Dersom du ikkje har digital postkasse vil brevet bli levert til Altinn. Du vil då få eit varsel på e-post eller SMS om at du har motteke eit brev i Altinn. Dersom du ikkje loggar deg på og opnar brevet innan 48 timar, vert det skrive ut og sendt til deg med ordinær brevpost. 

Har du ikkje digital postkasse? Då bør du vurdere å skaffe deg ei. 

Opprett digital postkasse 
 

Har du nytt nummer eller e-postadresse?

Har du endra mobilnummer eller e-post adresse? Då bør du oppdatere kontaktinformasjonen din i kontakt- og reservasjonsregisteret slik at du får varsel om ny post frå det offentlege. 


Raskare fram

Digital post sparer miljøet store mengder papir, og reduserer dermed utslipp av CO2. I tillegg sparar det kommunane for portokostnadar, og du får viktig post frå det offentlege levert raskt, trygt og enkelt.

Sjå også eDialog for å sende sensitiv informasjon til Ørsta kommune, samt Digihelse for deg som motta heimetenester i Ørsta.

Følg oss