Forseinka faktura på kommunale eigedomsgebyr i februar også

Faktura på kommunale eigedomsgebyr kjem seinare enn vanleg i februar, dette gjeld alle fakturamottakarar.

På grunn av kommunestyre sitt vedtek om justering (kontorjustering) av den kommunale eigedomsskatten, så vil faktura for februar kome seinare enn vanleg. 

Det må gjerast ei justering i takstgrunnlaget og skattegrunnlaget for å ta høgde for den vedtekne justeringa, og denne er ikkje mogleg å gjennomføre før 8. februar. Faktura for februar vil dermed ikkje kunne sendast ut før etter denne datoen.

Vi beklagar ev. ulemper dette medfører, og vi vil få ut fakturaen så snart som mogleg etter 8. februar. Forfallsdato vil vere som tidlegare (28. i kvar månad).

Følg oss