«Du kjem deg ikkje gjennom ein einaste dag utan å ha innverknad på verda rundt deg. Det du gjer, gjer ein forskjell. Du må berre bestemme deg for kva slags forskjell du vil gjere». – Jane Goodall, Antropolog og FNs bodbringar for fred.
Ørsta kommune har bestemt seg for å gjere ein forskjell for bønder og arbeidarar i fattige land gjennom handel. Å handle Fairtrade-merkte varer, gjer ein forskjell.
Ørsta kommune handlar rettferdig. Det kan du også gjere. Å kjøpe Fairtrade-merkte produkt er ein enkel ting vi kan gjere i kvardagen for å delta i kampen mot fattigdom. Sjå etter Fairtrade-merket neste gong du du er i butikken for å handle kaffi, te, sjokolade, sukker mm. Kvart einaste kjøp har stor betydning! Saman gjer vi ein forskjell!
Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som styrkjer bønder og arbeidarar i fattige land gjennom handel. Ørsta har vore Fairtrade-kommune sidan 2008. 21.–27. oktober markerer vi Fairtradeveka 2024. Målet er å auke kunnskap om og omsetning av Fairtrade-varer. Vi vil gjere tilsette og innbyggarar i Ørsta stolte av å arbeide og bu i ein Fairtrade-kommune!
På kva måte gjer vi ein forskjell? Vi veit at mange av dei som produserer varene vi kjøper lever under uanstendige arbeidsforhold og moderne former for slaveri. I tillegg medfører dei skadar på klima og miljø.
Fairtrade er ei internasjonal merkeordning som gjennom handel styrkjer bønder og arbeidarar i fattige land. Det er og med på å betre kvinnerettar. Dei som produserer Fairtrade-produkt er sikra betre pris, anstendige arbeidsvilkår, ein bonus som går attende til utvikling av lokalsamfunnet, og eit berekraftig jordbruk.
Fairtrade er kåra til beste merkeordning av Etisk handel. Mange kjenner til den, og den har høg tillit blant folk. Uavhengige kontrollørar reiser rundt og sjekkar at produsentane lever opp til standardane som krevst for å bruke Fairtrade-merket.