Fagdag i geriatri

Bildet viser spreke eldre folk som står i ein sirkel og trener. - Klikk for stort bileteFrå Frisklivssatsinga "Sterk og stødig" i Ørsta. Ørsta kommune

For tilsette i kommunen og Helse Møre og Romsdal. Og tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda.

Kan fysisk aktivitet hjelpe oss med å førebygge og behandle sjukdom hjå eldre ?

Korleis skal vi jobbe førebyggande slik at vi unngår sjukdom, utsetter sjukdomstasstart eller hindre forverring av sjukdom medverke til større kvardagsmeistring ?

Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Målgruppa er helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda, politikarar og andre som er interesserte i temaet.

Årets fagdag vil ha fokus på korleis fysisk aktivitet kan hjelpe oss med å førebygge og behandle sjukdom hjå eldre. Ein skal sjå på aspekt ved fysisk aktivitet og korleis det påverkar helsa vår og eldre sine behov for behandling eller hjelpetiltak frå andre. Vi vert mange fleire eldre i åra som kjem, og mange fleire vil leve med ulike helseplager og kroniske lidingar. Er det mogleg å førebygge behov for hjelp og omsorg? Kan vi påverke helsetilstanden til dei eldre i samfunnet?

Det er forska på kva fysisk aktivitet og trening gjer med helsa vår, også når ein vert eldra. Mange ynskjer å leve lenge, der dei siste åra også kan vere gode, aktive og meiningsfulle år saman med nær familie eller vener.

Fagdagen vil fokusere på samfunnskonsekvensar, helseutfordringar, sosiale føresetnader, men også på moglegheit for behandling, aktivitet og sosial deltaking som kan påverke helsa. Demografi- og helsepersonellutfordringar veit vi kjem. Alle må delta i målretta tiltak som kan redusere behov for helesetenester både i kommune og sjukehus. Behov for endringstiltak blir tydlegare for kvart år. Kan større satsing på fysisk aktivitet vere noko av løysinga på desse utfordringane?

Vi får vite meir om kva forsking kan dokumentere av mogelege helsegevinstar, og nokre gode eksempel på tiltak some r tilgjengeleg, både offentleg og privat.

Er dette relevant for deg og du ynskjer å delta på fagdag om fysisk aktivitet som medisin, sjekk program og meld deg på her:

Program og påmelding Frist for påmelding 8. april.

 Pris: 400,- inkl. lunsj.

Program

0830    Registrering
0900     Opning av fagdagen v/ Stian Endresen
0910     Kvifor er fysisk aktivitet og trening viktig? Nasjonale strategiar i møte med framtidas utfordringar v/ Stian Endresen, fastlege Ulstein og samhandlingslege M&R/  m. fleire.
0940     Lunge- og hjertesjukdom v/ Miriam Wiksnes, seksjonsleiar / lege Volda sjukehus

1030     Beinstrekk

1045     Frisklivssentral – kommunalt tilbod Ørsta v/ Stina Jakobsen, fysioterapeut Ørsta kommune

1130     LUNCH

1215     Kreftsjukdom og helse v/ Merete Bjåstad,  spesialrådgjevar Kreftforeningen (teams)
1300     Sosial deltaking og inkludering som faktor for helse og eit aktivt liv v/ Vidar Myklebust, dosent Høgskulen i Volda

1330     Beinstrekk

1345     Seniortrim på nett - Eigentrening v/ Elisabeth Flo, treningsinstruktør Seniortrim.no
1415     HelsaMi / Læring og meistring v/ Rita Overvåg, rådgjevar HelsaMi / ROPP
1445     Fysisk aktivitet v/ Kjetil Høydal, professor Høgskulen i Volda

1515     Avslutning – Vel heim

Følg oss