Fagdag i geriatri 7. mars 2025

Korleis tilpasse helsetenestene til eldre i tråd med tilgjengeleg kunnskap og teknologi?

TID: 7. mars kl. 09:00–15:00

STAD: Høgskulen i Volda

ARRANGØR: Volda sjukehus, Sjustjernekommunane og Høgskulen i Volda

Målgruppe: Helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen og andre som er interesserte i temaet.

 

Fagdagen er eit årleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda.

Målgruppa er helsepersonell i kommunane og ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen og andre som er interesserte i temaet.

På årets fagdag har vi valt å sette søkelys på forventingane til kva tenester vi som innbyggjarar ynskjer oss og korleis primær- og

spesialisthelsetenesta kan samarbeide, organisere og nytte kompetanse og teknologi for å kunne ta imot helsetenester av høg kvalitet.

Kan KI vere eit nyttig verkty ? Organiserer vi hjelpeapparatet slik at ressursane vert nytta på beste måte når hjelpa trengst ?

Har vi rett kompetanse eller spesialisert oss vekk frå individet? Greier vi å ta i bruk ny kunnskap som kan kompensere for auken i tal eldre?

Dette og mange andre spørsmål vil bli sett søkelys på.

 

Program for fagdag geriatri 7. mars 2025

Program for fagdag geriatri 7. mars 2025
Tid Emne
08.30 Registrering
09.00 Opning av dagen v/Stian Edresen
09.10 Møte med geriatrien – forventningar og moglegheiter
- Kommunedirektør Sande kommune, Renathe Rossi Aglen
- Klinikksjef Volda sjukehus, Øyvind Nytun
- Brukarrepresentant og tidlegare ordførar i Ørsta kommune, Stein Aam
10.00 Korleis organisere og planlegge gode/treffande tenestetilbod?
- Eksempel frå Giske kommune, Lene Overå Bjørlo
- Frå kontroll på friske kronikarar til «time på dagen» for dei som treng, Unni Arnestad m.fl. frå sjukehuset i Volda
10.40 Beinstrekk
11.00 Livet med kronisk sjukdom - Tilbodet ved Vardesenteret i Ålesund (innleiar ikkje bestemt)
11.45 Lunsj
12.30 Har vi rett kompetanse i møte med geriatrien?
- Avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS-kompetanse) (innleiar ikkje bestemt)
- Generalist- eller spesialistkompetanse. Kven gjer kva og kva treng vi? (innleiar ikkje bestemt)
13.15 Beinstrekk
13.30 Kan kunstig intelligens brukast i helsetenestene?
- Kva er KI og kva kan dette brukast til? v/rådgjevar Sindre Sandbakk, Høgskulen i Volda
14.00 Eksempel på bruk av kunstig intelligens
- Røntgendiagnostikk v/Kristian Kolnes
- Journalføring etter konsultasjon hos lege v/fastlege Bent Ingebrigtsen
14.45 Oppsummering og avslutning
15.00 Vel heim

 

Påmelding

Frist for påmelding: 4. mars 2025 klokka 23:59

Pris: 400,-

Tilsette frå kommunane melder seg på via LetsReg.no.

Tilsette i Helse Møre og Romsdal melder seg på via Læringsportalen.

Tilsette og studentar ved Høgskulen i Volda melder seg på ved å sende mail til Bjørn Gunnar Tafjord

  Til påmelding (hivolda.no)

Følg oss