Du kan medverke til arbeidet med klima og energiplan

Kjære innbyggjar, vi vil gjerne høyre kva tiltak du meina er viktig å få realisert i Ørsta kommune for å oppnå reduksjon av klimagassutsleppa.

Utsikt mot Ørsta frå Nivane - Klikk for stort bilete 

  

Klimanettverket til Sunnmøre regionråd oppfordrar alle på Sunnmøre til å seie korleis du meiner din kommune skal oppnå reduksjon av klimagassar i dei kommande åra.

Innbyggjarane i kommunane Stranda, Fjord, Sykkylven, Sande, Vanylven, Hareid, Ulsteinvik, Ørsta, Volda og Herøy har no moglegheit til å påverke framtida på Sunnmøre. Vil vi ete meir lokalprodusert mat, og kjøpe mindre billige plastprodukt produsert på andre sida av jorda? Ønskjer vi at det skal bli lettare å reise kollektivt, eller er det etablert bildelingsordningar og system for samkøyring? Skal ein kunne lade elbilen på ferja eller mens ein står i ferjekø?

Korleis meiner du at Ørsta kommune skal oppnå reduksjon av klimagassar i dei kommande åra?

Har du ei meining om korleis framtida skal sjå ut, er det veldig viktig at du deler den! Det er lagt ut ei webbasert spørjeundersøking der ein kan svare på spørsmål og kome med forslag til tiltak som din kommune bør satse på. Alt du treng å gjere er å gå inn på denne lenkja: 

Send inn dine forslag til tiltak i ny klima- og energiplan 2020-2030

Svarfrist: 01.10.2020

Svara vil bli analysert og systematisert, og brukt inn i arbeidet med å forme ny klima- og energiplan for din kommune. Dette blir kanskje ein av dei viktigaste planane for framtida. Klarer vi ikkje å snu utviklinga med utslepp av klimagassar i løpet av dei neste åra, står vi i fare for at det skjer sjølvforsterkande prosessar i naturen som gjer at den globale oppvarminga kjem heilt ut av kontroll.

Sunnmøre regionråd står bak undersøkinga og har henta inspirasjon frå Hamar. «Jo fleire som er med og medverkar til planen, jo betre blir planen», seiar Einar Haram i Sunnmøre regionråd. Til no er det 202 personar som har vore inne og svart på nettet.

Takk for at du bryr deg.