Den nye ferjekaia på Skår er i rute

Ordførar Stein Aam overrekte blomar frå kommunen til den fremste pådrivaren for ny ferjekai, Johan Skår. Per Ivar Lied Arbeidet med den nye ferjekaia på Skår har gått som planlagt, og snart er den ferdig. Laurdag 11. september var det kranseskål på Skår – ei markering der ordførar Stein Aam og andre representantar frå kommunen var til stades saman med grunneigarar, representantar frå Tussa og frå entrepenørfirmaet. 

Kranseskåla markerte at den nye ferjekaia er oppe og står, forventa ferdig denne veka. Etter planen skal kaia takast i bruk frå ca. 1. oktober 2021. Det som stod att var siste samansveisingar og sikringar, samt fenderplater. Det vil vere ein grov og solid stålkonstruksjon for ferja, ikkje ei fin betongbrygge.

Kaia vil bli flytta lenger frå køyrebrua/kaia sidelengs, for å ha rom for større ferje som truleg blir sett inn på Hjørundfjorden etterkvart.

Spesiell takk til Abjørn og Johan Skår

Det vart overrekt blomar frå ordføraren til Johan Skår som har vore den fremste pådrivaren for ny ferjekai. Takk var både til Asbjørn og Johan men Asbjørn var ikkje til stades ( Broren Stein Skår var til stades). I talen som ordføraren heldt framheva han at Hjørundfjorden er spesiell fordi det er liv og aktivitet i bygdene, Skår er eksempel på det, og ferjekai og kraftverk er avgjerande for fortsatt aktivitet på Skår. 

Mange gode effekter av ferjekaia

Det var særskilt nemnd moglegheit for å utvikle turisme og potensiale for å utvikle Skår med kraftanlegg som kan forsyne bygda med utviking – i dag er det så lite straum at det blinker i lysa om nokon fønar eg samstundes som kaffien vert sett på. Straumtilhøva er kritiske og kaia legg til rette for utvikling.

Med den nye ferjekaia vil heile ferjesambandet endeleg verte opna Hjørundfjorden – nedst i denne saka ligg lenkje til ferjeruta som no er ute til høyring. Andre ringverknader som kan nemnast er moglegheiter for til dømes Johan Skår som har etablert serveringsstad , og Asbjørn Skår kan drifte garden vidare. Alt ligg no til rette for at ein framleis kan ha ein busett destinasjon i Hjørundfjorden, så dette er distriktspolitikk i praksis. Ørsta kommune tar heile kommunen i bruk, og Stein Aam som ordførar har bidrege til utvikling i fjorden med kommunestyre og grendalag m.m.

– Eg er takksam overfor Ørsta kommune, seier Johan Skår. – Både politikarane og administrasjonen skal ha ei stor takk. Sjøvegen er den einaste vegen til Skår, seier han.

Involverte i prosjektet

Elling Djubdal og Stein Aam har sikra at det vart vedtak gjennom Tussa og Ørsta kommunestyre. Ivar-Otto Kristiansen er ansvarleg for anbod og gjennomføring på vegne av ØK. Per Ivar Lied har lagt grunnlaget gjennom Masterplan. Gunnar Wangen har vore involvert med omsyn på kraft konsesjon og handsaming av dette, og planarbeid og samhandling med Ørsta kommune for å skape turisme.

Deltakarar på kranseskåla var: Thor Arne Åsebø ( Fylkeskommune ) – Johan Skår , Stein Skår ( Sonen hans har eg ikkje namnet på) – Gunnar Wangen fagansvarleg plan og miljø– Cathrine Beck og Ivar-Otto Kristiansen – Infrakon ( Dei som leverer produktet fendervegg) – namn må dei sende Leiar Marius Reines – Stein Aam ( Ordførar ) – Per Ivar Lied ( Prosjektleiar for Masterplan og har vore pådrivar for kaia) – Må nemne næringskontoret med Odd Magne Vinjevoll ( Kunne ikkje stille) , Elling Djubdal med kone ( Tussa direktør ).

Tussa Kraft As er med i spleiselaget, den nye ferjekaia kostar kring fem millionar kroner. 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Ferjeruter som er til høyring pr. 17. sept 2021

Følg oss