AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Delta på spørjeundersøkinga "Leve heile livet" – Ver med å planlegg framtida!

Prosjektleiar for "Leve heile livet" og eldrerådet  - Klikk for stort bileteProsjektleiar for "Leve heile livet" Stina Jakobsen (til venstre) og eldrerådet jobbar saman med undersøkinga. Eldrerådet (frå venstre): Leiar i eldrerådet Torill Langlo, og medlemene Steinar Nordang, Eldbjørg Tvergrov, Bjarte Roth, Ludvik Flåskjer, og Brit Aanning Aarseth. Gudny Fagerhol var ikkje tilstade då biletet vart teke. Ingvild Marie Taraldset Ørsta kommune har starta arbeidet med å kartlegge korleis vi skal implementere eldrereforma «Leve heile livet» (Stortingsmelding 15). Undersøkinga er utforma i samarbeid med eldrerådet om tema som vi ønskjer svar på i Ørsta kommune. Tilbakemeldingane vil vere nyttige for å planlegge for ei framtid med fleire eldre. Det tar for dei fleste 25-30 minutt å svare på spørjeundersøkinga.  

Viktig at alle i målgruppa fyller ut skjema

– Det er veldig viktig at så mange som råd deltek, slik at vi har eit godt grunnlag for å skape eit meir aldersvenleg samfunn. Målet vårt er at vi skal gjere det enklare for kommunen sine eldre å møte alderdomen. Vi håper alle tek seg tid til å gi oss desse viktige tilbakemeldingane, seier fysioterapeut Stina Jakobsen som er prosjektleiar for "Leve heile livet". Vi håper så mange som muleg kan fylle ut skjema digitalt på nett, sidan dette gjer etterarbeidet enklare for oss.

Skjema kan fyllast ut digitalt på denne lenka – fristen er 15. august: 
Leve heile livet - Spørjeundersøkelse
Spørjeundersøkinga er anonym.

Reforma skal mellom anna bidra til at eldre:

  • kan meistre livet lenger
  • skal vere trygge på at dei får god hjelp når dei har behov for det
  • i større grad planlegg eigen alderdom
  • får nytte ressursane dei har i større grad til nytte for dei sjølv og samfunnet
  • sine pårørande kan bidra utan at dei vert utslitt

Tema i denne spørjeundersøkinga er knytt til:

  • korleis vi kan skape eit meir aldersvenleg samfunn
  • aktivitet og fellesskap
  • helsehjelp
  • samanheng i tenestene

Vi ønskjer svar frå:

  • alle heimebuande frå 60 år og oppover
  • pårørande til heimebuande med omsorgsbehov
  • vaksne heimebuande med funksjonsnedsetting

Svarfrist 15. august 2021.

Det er ynskjeleg at du svarar digitalt.
Dei som gjennomfører spørjeundersøkinga digitalt er med på trekninga av tre gåvekort.

For dei som må svare på papirutgåva, kan den finnast på og leverast til:

  • Servicekontoret på rådhuset
  • Biblioteket – berre fram til 7. juli
  • Alti og nærbutikkane på Vartdal, Barstadvika og Sæbø – berre fram til 7. juli
  • Om du har heimesjukepleie kan dei ta med til deg

Skjema kan fyllast ut digitalt på denne lenka – fristen er 15. august: 
Leve heile livet - Spørjeundersøkelse

Følg oss