Bustadtomt til sals på Sæbøneset

Thomas Winther Leira / Ørsta kommune

Ørsta kommune legg ut tomt på Sæbøneset for sal, pga ei tilbakeføring. 

Eigedomen gnr. 169 bnr. 195 er på 737,8 m². Den ligg lengs mot aust i det kommunale bustadfeltet Sæbøneset, i skråande terreng rett sør for Flatnesvegen. Det ligg ved kart som syner kvar tomta ligg.

Eigedomen er delvis rydda. Det er samarbeid med eigar av naboeigedom om avlaupsleidning, og dette er delvis på plass.

Eigedom vert lyst ut til sal med ein kjøpesum på kr 160.000 med tillegg av kostnader til frådeling, matrikkelbrev og skøyte. Total kostnad vert kr 190.545.

Då dette er siste bustadtomta kommunen har klar for bygging i feltet vert den lyst ut med frist for å søkje om å få kjøpe den.

Søknadsskjema

Frist for søknad: 30. september 2024 kl. 12.00. Ved fleire interesserte vert det loddtrekning.

Opn kart i eige vindu

Bilde viser eit flyfoto frå Norkart. - Klikk for stort bilete Norkart AS

Følg oss