Barnehageplass og opptak av nye barn i Ørstabarnehagen

 

For få tilgjengelege plassar våren 2022. 

Ørsta kommune har eit hovudopptak til barnehage om våren og supplerande opptak gjennom året.

Vi prøvar så godt vi kan å innfri ynskje om barnehageplass, men det er dessverre ikkje alltid vi greier det. I år er det eit slikt år, der vi hadde fleire søkarar enn vi kan greie å få plass til.

Årsaker til dette er både mangel på plassar og mangel på kvalifiserte tilsette.

 

Mange søkte og fikk plass, men nokre måtte vi dessverre sende følgjande melding til:

Du har søkt om barnehageplass for barnet ditt frå januar/februar 2022.

Vi har for tida mange som ynskjer barnehageplass.

Vi har gitt tilbod til ein del born frå nyttår, men vi har utfordringar med å få kvalifisert personale som gjer at vi ikkje kan ta inn fleire born akkurat no.

Barnet ditt står fortsatt på ventelista og dersom barnehagane får ledige plassar på vårparten vert ventelista brukt og vi vil kontakte deg.

Barnet ditt står også på venteliste til hovudopptak for plassar frå 01.08.22 (søknadsfrist 1. mars).

Dersom du vil gjere endringar på søknaden din (adresse, val av barnehage osv.)  kan du gjere dette før søknadsfristen for hovudopptak.

  

  

Følg oss