Årets eldsjel 2018 - send inn forslag!

Vinnar 2016: Lars Oscar Fosssen - Klikk for stort bilete

No kan du sende inn namn på personar eller lag du meiner fortener ei spesiell merksemd for innsatsen dei har gjort for lokalsamfunnet!

For å utvikle Ørsta er det viktig å ta vare på og støtte opp under alle initiativ og krefter som bidrar positivt. Ørsta opplever ei fin utvikling, og prisen "årets eldsjel" skal synleggjere enkeltpersonar eller lag sin innsats for fellesskapet. Det er mange engasjerte enkeltpersonar og lag som legg ned ein stor innsats i alle delar av kommunen for å gjere lokalsamfunna trygge, aktive og attraktive. Små og store bidrag utgjer til saman ei positiv utvikling for lokalsamfunnet. Eldsjeler finst i alle område i samfunnet, og prisen skal både synleggjere enkeltpersonar sin spesielle innsats og motivere andre til vidare innsats. Kriterie for tildelinga:

  • Må ha gjort ein frivillig innsats over tid, som har hatt positive verknader for heile/del av Ørsta
  • Vere busett i Ørsta kommune og vere ein god representant for Ørsta
  • Eit forbilde for andre, ein som gjer det vesle ekstra og gjer ein skilnad
  • Må vere pådrivar for utvikling, sunne lokalmiljø og ein inkluderande kultur
  • Gjenspegle flest muleg av verdiane til kommunen; tillit, energi, løysingsvilje og utvikling – ikkje minst glede og entusiasme

Prisen skal tildelast ein enkeltperson, lag eller organisasjon som gjer ein nyttig innsats for utvikling av lokalsamfunnet i kommunen. Prisen skal tildelast for allmenn-nyttig innsats. Prisen skal vere

  • ein inspirasjon for innbyggarar i heile Ørsta slik at dei kan arbeide vidare og vere til inspirasjon for andre.
  • ei takk og anerkjenning til personar eller lag som har gjort ein flott innsats.

 

Send inn forslag innan 1. november:

Kanskje kjenner du nokon der du er som gjer ein innsats utover det ein kan forvente, og som du synest fortener å bli gjort stas på med ein pris? Ørsta kommune vil gjerne høyre di meing om kven som skal kårast til årets eldsjel / årets ørsting i 2016. Send forslag med kort grunngjeving på epost til Ørsta kommune (postmottak@orsta.kommune.no) innan 1.november.

 

Utdeling i kommunestyret

Prisen er tenkt utdelt i kommunestyret før jul etter at ein jury har vurdert aktuelle kandidater og mottakar av prisen er utpeika. Kandidatnamn blir elles ikkje offentleggjort. Enkeltpersonar, lag, organisasjonar og verksemder i Ørsta kommune, kan kome med forslag til kandidatar. Det er ikkje høve til å søkje om å få prisen. Prisen blir delt ut annakvart år. Mottekne forslag i 2016 vil også bli vurderte i 2018.

Fann du det du lette etter?