12 timar gratis SFO i veka for 1. trinn frå hausten 2022

Minner om søknadsfristen for SFO 1. april

Regjeringa har bestemt at det skal vere 12 timar gratis SFO for 1. trinn frå hausten 2022.

Ordninga er ikkje sett i verk då den er ute på høyring. Den skal vere klar frå 1. august 2022. Høyringa finn du her.

Grunna sakshandsaming og høyringa har Ørsta kommune ikkje klar ny prisliste og type plassar per i dag. Desse vil bli justert når den nye ordninga er klar. Ørsta kommune vil vere lempeleg med oppseiing og endring av type plass i dette høvet.

I tillegg til gratis SFO 12 timar i veka for elevar på 1. trinn har føresette til elevar på 1. til 4. trinn høve til å søkje redusert foreldrebetaling grunna inntekt og det blir gjeve syskenmoderasjon med 25% av betalinga for 2. og 3. barn, rekna av den plassen som kostar mest. Meir om moderasjonordningane her.

Ein gjer merksam på at 12 timar gratis SFO kun gjeld for elevar på 1. trinn. For elevar på 2. til 4. trinn gjeld dei ordinære satsane.

 

Eit døme på foreldrebetaling, hausten 2022:

Foreldrebetaling SFO
Satsar for foreldrebetaling SFO per månad: 1. klasse - inkl. GRATIS 12t* 1. klasse - matpengar 2.-4. klasse - ordinær 2.-4. klasse - matpengar
Heilt tilbod 1 349 kr 320 kr 3 100 kr 320 kr
Delt tilbod 137 kr 210 kr 2 330 kr 210 kr
Korttidsplass 5 d/v morgonar 9,5 mnd 0 kr 160 kr 1 340 kr 160 kr
Korttidsplass 5 d/v ettermiddagar 9,5 mnd 78 kr 160 kr 1 960 kr 160 kr
Gratis plass (12 t/v, 2,4 time per dag kun på tilbod over 9, 5 mnd) 0 kr 160 kr Ikkje tilbod Ikkje tilbod
Kjøp av ein ekstra dag 360 kr Inkl. i prisen 360 kr Inkl. i prisen

 

Følg oss