Nyhende

  • 19.01.2018 Meir tømmer på færre bilar
    Ørsta kommune har saman med Statens Vegvesen og skogbruksnæringa i 2016 og 2017 hatt stort fokus på fjerning av flaskehalsar, ved å skrive opp bruksklassa på mange kommunevegar og fylkes- og riksvegar. Dette har ført til sparte kostnader, mindre og tryggare trafikk og miljøgevinstar. Dette arbeidet har vore prioritert for å tilpasse seg storleiken til tømmerbilane for å utnytte kapasiteten deira, og dermed frakte meir tømmer med færre lass.
  • 19.01.2018 - Dette opnar for store moglegheiter
    Tett før jul kom nyhenda om endringar i sikkerheitsområdet rundt Ørsta-Volda lufthamn Hovden. Avinor fekk godkjend søknaden av Luftfartstilsynet, og flyplassen er no sertifisert i høve utformingskrava i EU-regelverket for ikkje-instrumentrullebaner.
  • 19.01.2018 Fellingsresultat for hjortejakta 2017
    Fellingsresultatet for hjortejakta i 2017 er klart. Det har vorte felt 997 hjort i kommunen, noko som er ny rekord. I 2016 vart det felt 835 hjort. Førre rekord er frå 2009, då det vart felt 941 hjort, og i 2010 vart det felt 919 hjort.

Aktuelt

  • 17.01.2018 Hovudopptak barnehagar 2018/2019
    Velkomen som søkjar til barnehageplass i Ørstabarnehagen. Ørsta kommune har samordna opptak til 7 kommunale og 4 private barnehagar med felles søknadsfrist og søknadsskjema.
  • 10.01.2018 Informasjon om Landbrukskonferansen 2018
    Landbrukskonferansen 2018 vert arrangert på Ørsta kulturhus torsdag 25. januar kl 10 – 16. Arrangør er Ørsta næringskontor i samarbeid med landbrukskontoret Ørsta Volda og fagorganisasjonar i landbruket.
  • 20.11.2017 Kurs: Inkluderande lokalsamfunn
    Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer, saman med Ørsta kommune, å invitere til konferanse i Ørsta 25. januar 2018

Kunngjeringar

  • 11.01.2018 Varsel om planoppstart E39 Liadal
    Statens vegvesen skal i samarbeid med Ørsta kommune utarbeide ein detaljreguleringsplan for E39 på Liadal, og ber om innspel til arbeidet.
  • 10.01.2018 Kulturminneplanen er vedteke
    Ørsta kommunestyre har i medhald av plan- og bygningsloven § 11-15, i møte 14.12.2017 eigengodkjend Kommunedelplan kulturminne og -miljø 2017-2025. Vedtaket kan ikkje påklagast. Kommunedelplanen identifiserer kulturminne av lokal verdi i Ørsta kommune som er viktig å ta vare på for framtida.
  • 08.01.2018 Innbyggjarhøyring i veke 3 og 4 – Bjørke og Viddal
    Fylkesmannen melder om at det vert gjennomført telefonundersøking i veke 3 og 4, i samband med utgreiinga av mogleg grensejustering av bygdene Bjørke og Viddal
Login for redigering