Barnehagesatsar

Endring i dei kommunale barnehagesatsane vert å fastsetje av kommunestyret ein gong i året. Betalingssatsane vert fastsette i samband med budsjetthandsaminga, og endringar gjeld til vanleg frå 01.01. i budsjettåret. Dei private barnehagane følgjer same satsane som kommunen.

Barnehageplass


Frå 1. januar 2023 vert maksprisen kr. 3000,-. Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Maksprisen gjeld for alle barnehagar, uavhengig av om dei er offentlege eller private. Grensa er sett av Stortinget. 

Heiltids og deltidsplassar

Barnehagesatsar
År 100% 80% 70% 60% 50%
Frå 01.01.2024 3 000* 2 950 2 950 2 700 2 300

*Nasjonal makspris frå 01.01.2023.

Barnehagane kan krevje betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen. Satsen for matpengar frå 1.1.2024 er kr 500,- for 100% plass.

Pris ved einskildkjøp av ekstra dag:
Nokre få føresette som ikkje har 100 % plass i barnehage ynskjer av og til å kjøpe ein dag.
Pris for ein dag vil frå 01.01.2022 framleis vere kr 300,- 

Frå 1. august 2016 har alle tre-, fire- og femåringar som bur i hushaldningar med lav inntekt rett til å få 20 timar gratis opphald pr. veke. Frå 1. august 2019 gjeld gratis kjernetid for hushaldningar med lav inntekt. I samband med statsbudsjettet er det no gjort framlegg om å inkludere toåringane i ordninga frå 01.08.19. 

Moderasjonsordning

Det er vedtatt ulike moderasjonsordningar for foreldrebetaling.

Søskenmoderasjon: Har du meir enn eit barn i barnehage i same kommune, har du rett på søskenmoderasjon.​ Føresette treng ikkje å søke for å få denne moderasjonen. Retten til søskenmoderasjon gjeld uavhengig av om barna går i forskjellige barnehagar, eller i barnehagar med forskjellige eigarar. Reduksjon for det andre barnet er minimum 30 prosent. Fra 1. august 2023 blir barnehagen gratis fra tredje barnet for foreldre som har flere barn i barnehagen samtidig. 

Moderasjonsordningar ved lav inntekt: Les meir her
 

Utdanningsdirektoratet 

Kontakt

Irene Yksnøy Lianes Rådgjevar barnehage
46824228
@ Irene Yksnøy Lianes