Natur og miljø

Natur og miljø

Arbeidet med naturvern har som mål å sikre trua artar og naturtyper, og ta vare på eit representativ utsnitt av norsk natur for ettertida. Nasjonalparkar, naturreservat og andre typer verneområde vert oppretta av Kongen i statsråd etter ein omfattande prosess. Grunneigarar, kommuner, fylkeskommuner, lokale og sentrale etatar og organisasjonar får høve til å uttale seg før endeleg vedtak vert gjort.
 
I Ørsta kommune er det vedteke fleire naturreservat og eit landskapsvernområde. Dette er naturreservata i Skorgeura ved Ørstafjorden, Åmsmyra i Åmdal, Gjevenesstrand,Kvamsetelva og Barlindneset i Hjørundfjorden og Raudøya i Ørstafjorden. Resten av Raudøya er vedteke som eit landskapsvernområde med fredning av kristtorn. Kommunen har fått utarbeidd eit utkast til skjøtselsplan for Raudøya. Ei sentral målsejing i denne skjøtselsplanen er å ha ei balanse mellom naturvern og friluftsinteressene knytta til dette området. 
 
Møre og Romsdal fylke har hatt ansvaret for forvaltninga av etablerte verneområde. Kommunen har no høve til å få overta dette forvaltningsansvaret. Elles tek Statens Naturoppsyn (NSO) i aukande grad over oppsynet i verneområda. 
 
Gjennom planlegging av arealbruken med heimel i plan- og bygningslova er fleire mindre område regulerte til spesialområde naturvern, eventuelt i kombinasjon med friluftsområde.
Fann du det du leita etter?

Nyhende

  • Nedgravne oljetankar
    Det vert eit nasjonalt forbod mot bruk av mineralolje (fyringsolje og parafin) til oppvarming av bustader og næringsbygg frå 2020.
  • Rundballeplast - Kjem plast på avvege hjå meg?
    Jordbruksnæringa er ein storforbrukar av plast. Seinare tid har synt oss at det er naudsynt å ha kontroll på plasten etter at vi har gjort oss nytte av den. Det er viktig å ha gode rutinar for oppsamling, sortering og levering av landbruksplast. Ein del av dykk leiger container til det føremålet, medan andre leverer plasten sjølve i Hovdebygda. Anlegget i Hovdebygda tek imot om lag 80 tonn frå dykk kvart år. Likevel ser vi at rundballeplast kjem på avvege og vert ei kjelde til ureining. Ikkje alle bidreg til dugnaden med å få plasten trygt til Hovdebygda.
  • Skorgeura og Kvamsetelva på eksklusiv liste
    Skorgeura og Kvamsetelva er med på den europeiske vernelista Emerald Network, som 2 av 568 norske naturområde. Noreg er av dei fyrste landa, utanom EU, som har fått godkjent områder i nettverket.
  • Inspirasjonssamling/kurs – minkfangst
    NJFF Møre og Romsdal inviterar til inspirasjonskveld om minkfangst fredag 3. november på Løkemyra skytebane i Sande kommune, og til praktisk minkfangst (befaring og demonstrasjon) laurdag 4. november. Arrangementet er i samarbeid med Herøy og Sande jff og Statens naturoppsyn, og har som mål å auke kunnskapen om mink og interessen for minkjakt.
  • Oppdatering av natutypekartlegging i Hjørundfjorden
    Miljøfaglig Utredning har på oppdrag frå Fylkesmannen gjennomført ei oppdatering og kvalitetssikring av nokre kartlagde naturtypar i kommunane.

snakk med oss.png

Kontakt

Gunnar Wangen Leiar Plan og miljø
906 46 645
@ Gunnar Wangen
Magnar Selbervik Miljøvernkonsulent
70 04 97 80
@ Magnar Selbervik
Login for redigering