- Idretten skal vere ein fristad

Idrett_seogblisett.jpgVi veit ikkje kva slags bagasje barn kjem med på trening. Derfor må vi jobbe for ein trygg og god barneidrett for alle barn.

Alkovett 

Respons Analyse gjennomførte i 2016 ei undersøking blandt norske idrettsforeldre. Her kjem det fram at om lag 32 prosent har registrert at vaksne drikk alkohol på overnattingsturar med idrettslaget sine barn og unge. Samtidig sa 81 prosent at idrettslag og -klubbar bør ha tydelege retningsliner for alkoholbruk for både trenarar og foreldre som er med på turar og andre sosiale samlingar.

Ørsta er ei AV-OG-TIL-kommune, og samarbeidar derfor tett med alkovettorganisasjonen AV-OG-TIL om alkoholførebygging lokalt. Initiativet Se & bli sett er eit samarbeid mellom AV-OG-TIL og Idretts-Noreg. Alkovett er viktig for alle barn og unge som brukar tida si på idrett.

  • Overslag frå Folkehelseinstituttet syner at nesten 1 av 10 barn veks opp med ei mor eller ein far som slit med alkohol. I eit idrettslag veit ein sjeldan kven desse barna er, sier Ingvild Endal, AV-OG-TIL-koordinator i Ørsta kommune.
     

"Se og bli sett"-klubb

"Se & bli sett" handlar om å vere klar over at ikkje alle barn har det like enkelt på heimebane. Det handlar om å sjå alle barn og unge, samtidig som ein er bevisst på at ein sjølv vert sett og er eit forbilde for unge i klubben eller idrettslaget.

Ved å vere ein "Se & bli sett"-klubb syner ein både for foreldre og lokalsamfunnet at klubben er ein trygg arena for alle barn. Meld inn din klubb på www.seogblisett.no

 

Følg oss